Hopp til innhold

Ordførar jublar over milliondryss til skulane i kommunen

– Ei fantastisk gåve! For ordførar Ivar Kvalen i Luster kom julekvelden midt i juni. Den lokale banken dryssa ein million kroner over skulane i kommunen.

Pengedryss over luster-skular

PENGEDRYSS: Luster sparebank ved styreleiar Bjarne Venjum (t.h.) delte ut 1 million kroner til skulane i Luster ved ordførar Ivar Kvalen (t.v.) i anledning Sparebankforeninga sitt 100 årsjubileum.

Foto: Luster sparebank

– Dette hadde eg ikkje forventa. Det er heilt fantastisk, seier ordførar Ivar Kvalen etter den overraskande pengegåva.

Luster Sparebank overraska alle under utdelinga av Kultur- og næringsstipenda til ungdom vart delte ut i helga. For då den seremonien var over greip styreleiaren ordet og delte like godt ut 1 million kroner til skulane i Luster i anledning Sparebankforeninga sitt 100-årsjubileum. Gåva skal gå til alle skulane i Luster.

– Pengane skal elevar, foreldre, lærarar og rektorar bli einige om korleis ein best skal bruke dei. Det som er flott er at alle får ta del i dette på denne måten, seier Kvalen.

100 000 til kvar skule

Sjølv fekk han streng beskjed under utdelinga om at politikarane skulle halde fingrane sine langt unna.

– Det var det så mange vitne til at det skal nok gå bra, ler ein spøkefull Kvalen.

Med pengedrysset vil 8 barneskular og 2 ungdomsskular i kommunen få 100 000 kroner kvar.

– Eg reknar med at det kan bli snakk om å bruke pengane på leikeapparat, eller klatreparkar til dømes, antydar Kvalen.

Bøyer seg i støvet

På Hafslo og Veitastrond har nyheita spreidd seg som eld i tørt gras. For rektor ved begge skulane, Kjetil Sønnesyn, kom pengegåva overraskande.

– Dette er verkeleg ei fantastisk gåve. Det er berre å bøye seg i støvet. På Hafslo står vi føre ei ombygging av skulen og no kan vi kanskje få eit større uteområde enn det vi har sett føre oss.

Det er ikkje første gong den lokale banken deler ut pengar til lokalsamfunnet.

Sønnesyn understrekar at det er opp til elevar, foreldre og skulen å bestemme korleis pengane skal brukast. Det vil først skje til hausten.

– Dette var ikkje mindre enn fantastisk, seier Sønnesyn.