Hopp til innhold

Fekk ein dramatisk start på nyåret

Dei fleste av oss går inn i nyåret med forventning og spenning. Men for Siri Sandvik på Nordfjordeid vart det høgdramatisk.

Siri Sandvik

FEKK HJARTEPROBLEM: Arbeidarpartipolitikar og lege Siri Sandvik frå Eid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– I nyttårshelga vart eg akutt sjuk. Eg svimte av utan forvarsel fleire gonger. Som lege tenkte eg at eg kan sjå det litt an, men på måndag skjøna eg at eg måtte få hjelp, seier Sandvik

Måndag kom ho inn på Nordfjord sjukehus med hjarteflimmer, og vart straks flydd til Haukeland universitetssjukehus.

– Sett i etterpåklokskapens lys så burde det kanskje ha ringt ein bjølle tidlegare, men det er ulike grunnar til at ein kan svime av. Så eg tenkte berre at eg fekk sjå det litt an, seier Sandvik

I helikopter til Haukeland

Medan Sandvik låg til observasjon ved sjukehuset i Nordfjord fekk ho eitt nytt anfall. Då var det ein lengre periode utan aktivitet i hjartet. Hjartespesialisten sende ho med helikopter rett til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

– Det var mange nye opplevingar for meg. Eg har aldri vore inne i ein ambulanse før. I alle fall ikkje som pasient, og eg har heller ikkje flydd med ambulansehelikopter. Men det gjekk fint, seier Sandvik.

Heim med pacemaker

– Eg var nok både litt stressa og engsteleg då eg vart send til Haukeland. Ikkje for reisa sin del, men det er mykje å ta inn når ein brått blir så sjuk og treng så mykje hjelp, seier Sandvik

Onsdag kom ho heim att med pacemaker, og ei stor takksemd til helsevesenet.

– Eg har eit lite operasjonsarr som gjer litt vondt, men elles merkar eg ikkje noko til pacemakeren. Det sit mest i hovudet. Eg må tenke på meg sjølv på ein litt annan måte, men det reknar eg med skal gå bra.

Aktiv dame

Siri Sandvik er svært aktiv og på Facebook kan ein stadig vekk sjå ho i treningstøy og ute på tur i naturen. Difor opplevde ho hjarteproblema som litt av eit paradoks.

– Hjarterytmeforstyrringar som eg har, har ikkje noko med livsstil å gjere. Det siste halve året har eg vore i mitt livs form som vaksen, og lever ganske sunt. Så det opplevast litt som eit paradoks og litt utgjort at det er akkurat no eg skulle bli alvorleg sjuk, seier Sandvik.

Kjennest det litt urettvist?

– Nei, ikkje urettvist. Eg har vore skåna for lidingar tidlegare i livet slik at dette er greitt slik sett, seier Sandvik.

Takknemleg for god hjelp

Vel heime etter sjukehusopphaldet delte Sandvik historia si på Facebook, og skreiv blant anna at ho til gangs hadde fått igjen på skatten.

– Først og fremst er utruleg takknemleg for det har gått så bra med meg, og at eg har fått så god hjelp. Eg er svært takknemleg for at vi har så fagleg godt, og godt organisert offentleg helsevesen i Noreg, seier Sandvik.