Hopp til innhold

Debuterte over all forventing i det store utland

Det vart ei oppleving av det sjeldne då Sarah Fiskaa Haugen (Luster Telemarkklubb) sesongopna med verdscuprenn i Hinterlux.

Sarah Fiskaa Haugen (Luster Telemarkklubb) stod på startstreken då verdscupen i telemarkskøyring starta i østerikske Hinterlux.

SJÅ VIDEO: Sarah Fiskaa Haugen stod på startstreken då telemarkskøyrarane starta verdscupen i Hinterlux.

17-åringen køyrde inn til 8. plass blant 20 deltakarar i sitt første renn utanom landegrensene.

Noko landslagstrenar Jo Mork meiner er meir enn godkjent for ein junior – i selskap med seniorar.

– Det var hennar første renn i det store utland, det er framleis berre 5. desember og her i Norge har ein ikkje fått vinter før no. Så Sarah imponerte absolutt, seier han.

Yngst i troppen

Verdscupsirkuset starta i helga med tre renn i Austerrike. Sarah Fiskaa Haugen var yngstemann i den åtte mann store norske troppen.

– Vi hadde ingen forventingar om at ho skulle hevde seg, men ville at ho skulle få prøvd seg og få erfaring å bygge vidare på gjennom vinteren. No veit ho kva som krevst, seier Mork.

Tok feil sving

Hovudpersonen sjølv er storveges nøgd med samlinga i det store utland. Senior blir ho først som 21-åring.

– Eg køyrde eigentleg litt over forventingane i første rennet, gliser Fiskaa Haugen og legg til at det ikkje gjekk like bra på dei to siste renna.

– Eg fall på andre rennet, medan eg tok feil nedslag etter eit hopp på parallellen. Eg trudde svingen var mot venstre, så landa ut av løypa. Men eg kom meg inn att og fekk fullført, ler 17-åringen.

– Spennande og skummelt

– Det var ei fin oppleving å få vere med, held lustrajenta fram.

17-åringen fekk køyre i den nasjonale kvoten under verdscuprennet i fjor. Då vart 10. plass beste plassering. Fiskaa Haugen vart også nummer fem i junior-VM i Frankrike. I tillegg vann ho NM på heimebane og kom heim frå junior-NM med gullmedalje om halsen .

– Det er veldig spennande og gøy, men også veldig skummelt, å stå der som junior blant seniorar på startstreken. Det kriblar litt i magen, seier ho og vedgår at arrangementet var både større og meir profesjonelt enn ho er vand med.

Vil ha fleire renn

– Freistar det til gjentaking?

– Ja! Eg håpar eg får sjansen att, men reknar ikkje med å bli utteken til verdscuprennet om tre veker. Det er mange gode juniorar, og dei må få sjansen dei også.

– Men det er mange verdscuprenn i løpet av ein sesong, legg 17-åringen til.

Kan få fleire sjansar

Landslagstrenar Mork ser ikkje vekk ifrå at Fiskaa Haugen blir å finne på startstreken i fleire verdscuprenn.

Mellom anna går det ei verdscuprunde på Rjukan.

– Vi har ein god dialog om det vidare arbeidet. Sarah er ei tøff og lydhøyr jente, som veit kva som må til for å vere der. Ho har tida føre seg, så det er viktig at ho får ro til å utvikle seg over tid, seier Mork.

Satsar annleis

Etter ein hektisk fjorårssesong har 17-åringen frå Luster vald å satse annleis. Då vart det mange timar med trening som gjekk på kostnad av mykje.

– Eg har ikkje same ambisjon som i fjor. Då vart det for mykje. I år fokuserer eg ikkje så mykje på resultat, men å vere med på mest mogleg. Eg vil køyre på ski, ha det gøy og gjere mitt beste. Eg trur ikkje det er bra å tenkje for mykje på resultat, seier ho.

– Skal ikkje pushe

– Eg tykkjer det er gøy å vere på ski, det er difor eg gjer det. Ikkje for å slå alle andre. Eg er veldig glad i miljøet og det sosiale. Det er viktigare enn å berre stå øvst på pallen, legg Fiskaa Haugen til.

Landslagstrenar Mork meiner ei slik satsing ikkje treng stå i vegen for å bli ein svært god telemarkskøyrar.

– Absolutt ikkje. Det er viktig å ikkje pushe, men lytte til kva utøvaren tenkjer og la denne bygge seg opp over tid. Sarah har mykje av det som skal til, seier han om 17-åringen som i tillegg driv med frikøyring og dans.

– Det er viktig å ikkje berre tenkje telemark og raude og blå portar. Då blir moroa fort vekke, avsluttar han.