Hopp til innhold

Fekk draumen oppfylt - tok VM-gull

Tarjei Bø leverte ein enorm sisterunde på normaldistansen. Det sikra han gullet i VM.

Video baabab80-43c0-4238-af72-4c6b2fee7b02.jpg

- Det er ei kjempekjensle. Det store målet var jo å ta gull, seier Tarjei Bø.

Kva synst du om prestasjonen til Tarjei Bø? Skriv di gratulasjonshelsing nedst i saka!

- Berre gull var godt nok

Berre 22 år gammal er han allereie verdsmeister i skiskyting, etter at han gjekk inn til gull på normaldistansen i Sibir.

Ingen av dei andre beste skiskyttarane i verda kan matche den råsterke stryningen.

LES OGSÅ:

- Løpet var eit gulløp. Med to bronse frå før, var det berre gull som var godt nok, seier Bø.

Ole Einar Bjørndalen gjekk inn til 6. plass, og seier den unge skiskyttaren frå Stryn motiverer han.

Spenning til siste slutt

Det såg lenge ut til at austerrikaren Christoph Sumann skulle stikke av med gullet.

Inn til siste skyting hadde han ei klar leiing, men etter at fire blinkar hadde gått ned, vart det plutselig bom stopp - då Sumann bomma på siste skot.

Det var då det gjekk opp for Tarjei Bø at han hadde klart noko veldig stort.

Tek av seg hatten for yngstemann

Med heile verdseliten bak seg på lista, hadde han god grunn til å juble. Til slutt vart kjenslene så sterke, at han sleppte nokre tårer på direktesendt TV.

- Det er nok det beste løpet eg har gjort nokon gong, seier Bø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tarjei Bø

FELTE EI TÅRE: Då det gjekk opp for Tarjei Bø at gullet var i boks, måtte han ty til tårene på direktesendt TV.

Foto: NRK

- Eg var min eigen sjef

Den unge stryningen vedgår lett at det var nervepirrande å vente på at resultatet skulle bli heilt klart.

- Eg hadde stålkontroll på skytinga, og prøvde å halde jamn fart og halde roen. I dag var eg sjefen over meg sjølv, sa verdsmeisteren etter at det vart klart at han hadde klart gull.

- Den guten imponerer meg noko heilt enormt. Det er berre å ta av seg hatten, seier Egil Hegle Svendsen.

Heime hos pappa Klemet Bø i Stryn er flagget heist til topps etter sonen sin første VM-gull.