Hopp til innhold

Fekk draumedagen med landslaget

Inga Loftesnes (15) og Lone Cirotzki (14) fekk oppfylt sitt store ønske om å møte landslagsspelar Elise Thorsnes. Det blei to dagar dei aldri gløymer.

Inga Loftesnes, Elise Thorsnes og Lone Cirotzki

DRAUMEN: Inga Loftesnes (t.v.) og Lone Cirotzki (t.h.) fekk møte Elise Thorsnes og landslaget i oppladinga til VM i Canada.

Foto: Mari Liseth Fimreite

Dei to jentene går på Kvåle skule i Sogndal. Begge er ivrige fotballspelarar, og dei har same førebiletet: Elise Thorsnes frå nabokommunen Leikanger, landslagsspelar og no klar til å reise til fotball-VM i Canada.

Gjennom draumesøknaden til MOT fekk dei oppfylt ønsket sitt.

– Dette var veldig stor stas

Fredag og laurdag var dei med landslaget i oppkøyringa til VM i Canada. Det inkluderte busstur saman med spelarane før privatlandskampen mot Finland, VIP-tribune med mat, og under kampen sat dei på tribunen saman med Elise Thorsnes, som er skada.

Møte med landslaget

SKADA: Elise Thorsnes (t.h.) er skada, og sat saman med andre skadde spelarar og Loftesnes og Cirotzki på tribunen og såg Norge vinne 2–0 mot Finland.

Foto: Mari Liseth Fimreite

Ikkje nok med det, dei budde på hotell saman med landslaget, og var med på både middag og frukost, før dei var med landslagskvinnene på restitusjonstrening. Dei store dagane slutta med fotografering, og Inga Loftesnes og Lone Cirotzki fekk til og med vere med på biletet.

Kvinnelandslaget

STOR STAS: Loftesnes og Cirotzki (med kvite drakter) på lagbilete med landslaget.

Foto: Vidar Ruud/Scanpix
Møte med landslaget

FRUKOST: Jentene levde tett på landslagsstjernene.

Foto: Mari Liseth Fimreite

– Dette var veldig stor stas. Jentene seier dette har vore ei fantastisk oppleving, seier Mari Liseth Fimreite i MOT.

– Me følte oss som ein del av laget. Det var ekstra kjekt å få bli betre kjent med Elise Thorsnes, og det var stor stas at alle spelarane og støtteapparatet tok seg så god tid til å prate med oss og inkludere oss.

Inspirasjon til å satse

Fimreite fortel at begge jentene seier dei har fått stor inspirasjon til å satse på fotball, og at draumebesøket har betydd veldig mykje for dei.

For både Loftesnes og Cirotzki har ambisjonar. Dei spelar for Sogndal i 3. divisjon, og har vore med på krinslaget. Så kanskje var dette berre første gong du ser dei på eit landslagsbilete?

Møte med landslaget

RESTITUSJON: Dei fekk vere med landslaget på restitusjonstreninga etter kampen mot Finland.

Foto: Mari Liseth Fimreite