NRK Meny
Normal

Fekk drapstrugsmål frå «barnehagebarn»

Då Tore Thorsnes fekk teikningar som viste graver med barn i og han som mordaren, gav barna hans beskjed om at no var det nok.

Tore Thorsnes

PENSJONIST: Etter 12 år som NAV-direktør i Sogn og Fjordane går Tore Thorsnes av med pensjon etter neste år. Men han hugsar godt tida då han var styreleiar i Helse Førde på midten av 2000-talet. Då fekk vart han blant anna meldt til politiet for å legga ned akuttberedskapen på Nordfjordeid sjukehus, men lengst gjekk det då dei ville legga ned fødeavdelinga på Lærdal sjukehus.

Foto: NAV

– Det gjorde sterkt inntrykk. Brevet eg fekk skulle vera frå barnehagebarn, men for meg er det umogeleg å sjå for meg at det var barn som hadde laga teikningane. Men det var slik det vart framstilt, seier Tore Thorsnes.

Etter 12 år går han av med pensjon og fråtrer stillinga som NAV-direktør i Sogn og Fjordane ved utgangen av neste år. Men han hugsar godt tida før han fekk den jobben, då han var styreleiar for Helse Førde frå 2004–2006.

Sterk konflikt

Det var i 2011 at regjeringa bestemte at fleire fødeklinikkar vart nedlagt, blant desse på sjukehuset i Nordfjordeid. Det er no ganske nøyaktig fem år sidan fødeavdelinga på Nordfjordeid og den forsterka fødestova i Lærdal vart lagt ned.

Men lenge før dette var Thorsnes med på å planlegga desse endringane, som styreleiar i Helse Førde.

– Økonomien i helseføretaket var slik at vi måtte gjera grep for å henta inn underskotet. Det betydde at vi måtte gjera ei strukturendring og omfordela tenestene slik at sjukehusa kunne halda fram med det dei er best på, i staden for å ha tre sjukehus som driv med det same, seier Thorsnes.

Han vart blant anna meldt til politiet for å ville legga ned akuttberedskapen på Nordfjordeid. Men det var kampen om fødeavdelingane som gav mest engasjement frå dei som vart råka.

– Fødeavdelingar vekker jo enorme følelser i folk. Eg fekk eit brev frå det som skulle vera teikningar frå barnehagebarn. Der var det teikna inn graver med barn i og eg var teikna inn som ein mordar. Då ungane mine såg det sa dei at no fekk eg rett og slett ikkje halde på lengre, seier han.

Over grensa

Han fortel at han stadig vekk fekk drapstrugsmål og at ein ikkje kan vera hårsår i ein slik jobb.

– Men det går jo ei grense for kva ein skal akseptera. For å klara seg i ein slik jobb må ein forstå korleis verda fungerer og kvifor folk reagerer som dei gjer, men det går ei klar grense for kva som er akseptabelt, seier han.

Lærdal sjukehus

Sjukehuset i Lærdal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.