Hopp til innhold

Fekk dopapir på døra

Då ein kar i Luster kom heim til huset sitt i dag stod det ein sekk med dopapir utanfor, med ei rekning på 568 kroner. Mannen hadde tidlegare fått telefon frå eit firma i Froland i Aust-Agder, men hadde då sagt nei takk til å kjøpe dopapir. No har han meldt saka til politiet, og regionlensmann Arne Johannessen ber folk som kjem ut for liknande gjere det same. Det har vore liknande saker andre stadar i landet.