NRK Meny
Normal

Fekk det best tenkelege comebacket

Henrik Furebotn let seg imponere av lagkameratane sin moral. I sin første kamp for Sogndal etter at han signerte for to veker sidan spelte laget sin ellevte kamp utan tap.

Henrik Furebotn

TILBAKE: Henrik Furebotn i aksjon mot Haugesund.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

– Dette er jo min første kamp etter at eg kom att, så eg var litt redd eg skulle øydelegge rekka for dei. Men det gjekk bra, flirer 30-åringen etter kampslutt.

Han og lagkameratane frå saftbygda kunne då juble over tre nye poeng.

– På rett plass til rett tid

I ein sjansefattig kamp var det Ole Amund Sveen som vart ståande i einsam majestet på skåringslista. Etter å ha kriga ballen i mål måtte vertane notere seg med det første tapet på heimebane denne sesongen.

– Det var vel på tide, gliser Furebotn som skildrar kampen som ein skikkeleg krigekamp.

– Vi kriga dei ut av stilen og fekk eit litt heldig mål. Men det var litt slik kampen var. Vi var på rett plass til rett tid og gjer ein god bortekamp.

Furebotn, som til vanleg spelar på midtbana, var målskårar Sveen sin makker på topp i dag.

Ole Amund Sveen skårar i kampen FK Haugesund - Sogndal (0-1).

FIRE PÅ RAD: Ole Amund Sveen har skåra mål i fire kampar på rad for Sogndal. Her blir han omfamna av Bjørn Inge Utvik etter skåringa mot Haugesund.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Rosar lagkameratane

Etter ei årrekkje i Sogndal gjekk Furebotn i 2013 til Sandnes/Ulf, før han i 2015 tok turen nordover til Bodø/Glimt. For knappe to veker sidan vart det kjent at årdølen vende snuten heimover.

No gler han seg til å bidra for Sogndal og skryt av lagkameratane.

– Alle jobbar og står på, dei spring til krampa tek dei.

– Merkar du at det er god lagmoral?

– Den er fantastisk. Alle vil det beste for kvarandre, seier Furebotn.

Laster innhold, vennligst vent..
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå