NRK Meny

Fekk brupengar

Eid og Gloppen kommunar får fem millionar kroner til eit utviklingsprosjekt for bru Anda – Lote, dersom kommunane før 1. juli vedtek å slå seg saman. Det opplyste Venstre sin medlem i Kommunalkomiteen på Stortinget, André M. Skjelstad, på eit møte på Sandane i går kveld. Først når utviklingsprosjektet etter planen er ferdig i 2018 tek departementet stilling til sjølve bruprosjektet som ferjeavløysingsprosjekt med ein samla finansieringsplan.

Fekk brupengar
Foto: Pressebilete
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy