I 1975 starta Vegvesenet arbeidet med Dalsfjordsambandet, men etter fire kilometer veg og 500 meter tunnel vart arbeidet stoppa. No, nesten 40 år seinare, står sambandet klart til å brukast.
Prosjektet hadde ei ramme på 870 millionar kroner, og bygginga har slett ikkje vore problemfri. Men laurdag skal fylkesordførar Åshild Kjelsnes opna sambandet som har vore utsett og nedprioritert i årevis.
Dalsfjordbrua kryssar Dalsfjorden like aust for Dale sentrum ved Nishammaren. Det kortar reisetida frå Askvoll- og Holmedalområdet sørover til Dale monaleg ned. Sambandet over Dalsfjorden gjekk fram til bruopninga med ferja Eikenes – Dale.
Opp gjennom åra har NRK dekka mange saker om sambandet. Her får du sjå eit knippe av TV-sakene som er laga.
I 1995 hadde sambandet allereie rukke å få kallenamnet «Skandalevegen», og prega valkampen i området.
1999 var året då håpet på nytt vart tend for ei bru over fjorden, men nok ein gong vart andre vegar prioritert framfor det som skulle bli bindeleddet mellom Fjaler og Askvoll.
- LES OGSÅ:
I 2000 var usemja stor i Askvoll. Nokon ville ha bru, andre ville ha betre veg til Førde.
- LES OGSÅ:
Politikarane lova pengar til vegen, men i 2005 sa vegsjefen at det likevel ikkje vart Dalsfjordsamband med det første. Kvifor? Utbetringar av mindre vegar skulle vera førsteprioritet. Men på hausten vart det regjeringsskifte, og den nye samferdsleministeren Liv Signe Navarsete (Sp) sendte ut ei pressemelding der det stod at planlegging av Dalsfjordsambandet skal gjerast med sikte på byggjestart i 2009.
- LES OGSÅ:
I 2009 løyva Fylkestinget pengar til prosjektet. Året før stod prosjektet på statsbudsjettet for 2009, og då kunne fjalerordførar Arve Helle (Ap) og forkjempar Rolf Kleiven sleppa jubelen laus.
Men også etter at arbeidet kom i gang har det vore eit omstridt prosjekt. Det har vore fleire ras og arbeidsulukker, og i januar 2013
. Ein 25-åring omkom i ulukka.- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Men laurdag 14. desember 2013 er det endeleg klart for opning. Men allereie tidlegare i haust spratt Arve Helle og ordførarkollega Frida Melvær i Askvoll (H) sjampanjen på bruspennet over Dalsfjorden.