NRK Meny
Normal

Fekk brev om manglande porto - svara med å klage på manglande komma

Då Posten Norge kosta på seg å skrive brev til Andreas Ramstad for å fortelje at det mangla fem kroner i porto, fekk dei svar på tiltale.

Andreas Ramstad

LITT HUMOR: – Eg skreiv svarbrev mest på tøv, vedgår Andreas Ramstad. Her med brevet frå Posten, og svarbrevet der han sjølv påpeika Posten sin feil.

Foto: Olav Åsen Haugsgjerd / NRK

Den pensjonerte norsklæraren frå Dale i Sunnfjord fann nemleg ut at også Posten mangla noko: Eit komma.

Mangla fem kroner

– Dette er sikkert eit standardbrev, men eg såg ganske fort at det mangla eit komma i brevet. Når dei peika på at min sending mangla porto, så synest eg at eg kan sende tilbake eit brev og påpeike at det manglar eit komma, seier Andreas Ramstad.

Det var før jul at han synda med portoen. Ramstad hadde alt postlagt eit 40-tals brev med korrekt porto. Då det stod att åtte brev som skulle til utlandet var frimerka brukt opp. Fjalerbuen bad derfor butikkdama ta seg av frankeringa.

Han tenkte ikkje meir over juleposten før eit brev frå Posten dukka opp i postkassa. I venlege ordelag vart det orientert om at eitt av breva hans mangla porto for fem kroner. Berre frimerke for 10 kroner var klistra på.

I tillegg rekna Posten eit ekspedisjonsgebyr på 55 kroner for påminninga, og ytterlegare seks kroner for å ha sendt den per papirbrev, ikkje elektronisk. Til saman 66 kroner. Men som Posten skreiv: «Vi ser denne gang bort i fra den manglende porto». Ramstad slapp å betale.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kommafeil i brev

FEILEN: Det var dette kommaet Andreas Ramstad sakna i brevet der Posten sakna porto.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Svara med same språk

Trass i at han slapp å betale, gjekk det ein liten f... i den gamle norsklæraren som sette seg ned og skreiv svarbrev.

– Det er ikkje noko stor sak, men det vart til at eg gjorde det. Overskrifta var «Manglande komma», fortel 67-åringen.

Han skreiv like godt eit todelt brev, ein meir personleg del på dialekt, og ein formell del der han nytta Posten sitt språk.

«De har nå skrevet til en pensjonert norsklærer, som har levd sitt liv ved/av å rette norskstiler. Et manglende komma vil øyeblikkelig vekke oppmerksomhet hos denne mottakeren. Og dette er, som hos Dem, når de ser at det mangler 5 kr i porto, noe som tilsier at «Nå bør/må jeg aksjonere»»

«Jeg velger denne gang å se bort fra dette manglende komma, men for at du skal sette komma riktig neste gang, (her MÅ du sette komma!) henviser jeg til våre kommaregler ...»

(Artikkelen held fram under biletet.)

Brevveksling med Posten om kommafeil

STANDARDSKRIV: Posten sitt brev til venstre, Ramstad sitt meir omfattande svarbrev til høgre.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Håpar kommaet kjem på plass

Men svar ventar ikkje Ramstad at han får.

– Kanskje dreg dei litt på smilebandet av det, og så set dei kanskje på plass dette kommaet i standardskrivet sitt.

– Kva ville du med dette brevet?

– Eg hadde det vel mest moro for meg sjølv når eg skreiv dette. Eg har sendt liknande brev til forskjellige instansar, men ein får ikkje svar på slikt som dette.

Sjølv om han kan verke som pirkete, forsikrar den gamle norsklæraren om at rettskriving ikkje betyr alt.

– Det er ting som irriterer meg meir her i verda, enn om det manglar eit komma. Til dømes manglande bruk av blinklys. Det irriterer meg atskilleg meir. Og det kan få verre følgjer.

Og Posten, dei ber han ikkje nag til.

– Eg skjønar at dei må påpeike viss det er betalt for lite. Det er greitt. Dei er no snille, humrar Andreas Ramstad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.