Hopp til innhold

Fekk bot på 28 500 kroner

Ein tysk yrkessjåfør i 30-åra må betale 28 500 kroner i bot for ei lang rekkje brot på køyre- og kviletida. Mannen vart stogga under ein kontroll ved Håbakken i Lærdal i byrjinga av september. Kontrollen avdekka mellom anna at mannen hadde køyrt 174 timar, eller sju døgn og seks timar, utan godkjent vekeskvil. Mannen godtok bota. Han får også forbod mot å køyre på norske vegar i fem månader.