Hopp til innhold

Fekk bok om livet sitt i bursdagsgåve

FØRDE (NRK): Salen var fullsett og køane var lange då Oddvar Torsheim lanserte og signerte den nye boka om livet hans. Festen er enno ikkje over for den nybakte 80-åringen.

Torsheim signerar bøker ved Sogn og Fjordane Kunstmuseums tilstelning i høve hans 80-årsdag

KØ: Mange hadde tatt turen for å få den nye boka om livet til Oddvar Torsheim signert av 80-åringen.

Foto: Artur do Carmo / NRK

– Det er eit under at eg har overlevd, men eg greidde det. Det har vore kjekt, men eg måtte legge meg nedpå litt tidlegare i dag. Det har eg ikkje gjort på 14 dagar, seier Oddvar Torsheim medan salen på Sogn og Fjordane kunstmuseum fylte seg opp.

Den folkekjære kunstnaren Oddvar Torsheim fylte 80 år den 2. november, og sidan då har gratulasjonane rulla inn. Det har vore travle dagar for 80-åringen.

Kake og signering

Den siste veka har det gått slag i slag for Torsheim. Ikkje berre har han blitt feira i heimbyen Førde, han har også vore i Oslo og besøkt dottera og barnebarna.

– Det har vore feiring gjennom heile helga og at så mange har kome hit i kveld er storarta, seier han.

Tysdag kveld var det lansering av boka om livet hans, «Oddvar Torsheim – Lyst & Last», skriven av Lars Elton. Mange hadde tatt turen for å få boka signert av Torsheim og forfattaren var også til stades.

– Han er ein undervurdert kunstnar. Det har vore ein draum å skrive boka, seier forfattar Lars Elton.

Boka tek for seg Torsheim sine 60 år som kunstnar i kronologisk rekkefølge, heilt frå starten ved Bergens Kunsthåndverksskole. Arrangementet var ope for alle og det vart servert kaffi og Napoleonskake.

– Ein kopp kaffi og eit stykke med Napoleonskake. Då er eg fornøgd. Det gjev nesten ein liten rus, seier jubilanten mellom signeringane av bøker.

Torsheim signerer bøker under 80-årsfeiringa ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Foto: Artur do Carmo / NRK