Hopp til innhold

Fekk bibel på skulen

No tek Flora kommune sjølvkritikk etter protestar.

Bibelen

Kommunalsjef Moen seier at dei vil gå gjennom rutinene i kommunen for å unngå liknande hendingar i framtida

- Vi må halde oss til det Datatilsynet seier om dette. Dei har ikkje noko imot at vi deler ut klasselister, men vi skal ha eit samtykke frå foreldre før vi gjer det, seier kommunalsjef Anders Moen.

Får tilbod om ein bibel

I Flora vert femteklassingane invitert inn i kyrkja til ei gudsteneste der dei også får utdelt Det nye testamentet .

Dei femteklassingane som ikkje var på gudstenesta, hadde også ein annan moglegheit til å få Det nye testamentet .

Kommunen og prestane var samde om at elevane kunne få eit eksemplar av Det nye testamentet på skulen.

Har vekt reaksjonar

Foreldre i Florø, og Human-etisk forbund har kritisert kyrkja for å oppsøkje elevar i skuletida, skriv Firdaposten i dag.

- Eg likar det ikkje. Vi har ikkje døypt våre tre gutar, og det er ikkje fordi vi gløymte det. Det er fordi vi ikkje ville. Så eg meiner det ville vore naturleg om heimen fekk eit spørsmål om dette før bibelen vart delt ut, seier Sander Ødelien.

Han er far til ein gut som fekk tilbod om Det nye testamentet på skulen.

Kommunen ser på saka

Kommunalsjef Moen seier at ein no vil gå gjennom rutinene for å unngå liknande hendingar i framtida.

- Vi må få avklart med kyrkja om kva dei faktsik gjer, og finne eit system
slik at foreldre ikkje kjenner seg krenka, seier kommunalsjefen.