Hopp til innhold

Fekk betre toalett i staden

Dei ba om pengar til betre mobilnett og fekk 390.000 kroner - til nytt toalett.

Stad Surfing
Foto: Ottar Starheim / NRK

Fylkeskommunen vil løyve nærmare 400 000 kroner til toalett og dusjar for surfarane på Stad.

Program 6 - Surfing på Stad

Vart ikkje høyrt

Men ved Stad Surf School kunne dei heller tenkt seg mobildekning. Dagleg leiar Jarand Fretheim er skuffa over at dei ikkje har fått fortalt sine behov.

- Det bør vere ein nær dialag med dei som drive lokalt her, men eg er faktisk ikkje spurt i denne saka, seier han.

Fretheim er skuffa over at han ikkje vart teken med på råd. Selje kommune har søkt fylkeskommunen om pengar til å utvikle surfemiljøet i Hoddevik, og no ser det ut til at dei får det, fortel assisterande fylkesdirektør Endre Høgalmen for regional utvikling.

Stort behov

-Vi skal hugse på at Ervik og Hoddevik er blant dei beste plassane i landet for surfring, men her er ikkje skikkelege forhold for dusj og dobesøk for dei mange besøkande. Difor støttar vi Selje kommune sine planar om eit slikt sørvisanlegg, seier Høgalmen.

Dei vil gje 390.000 kroner til at det kjem eit sørvisanlegg i Hoddevik med toalett og dusj. Det var Selje Vekst som søkte om dette for kommunen etter å ha rådført seg med surfepensjonatet Stadsurfing. Men dei spurte ikkje konkurrenten og naboen Stad Surf School, som akkurat har investert mellom 600 og 800 000 kroner i nettopp eit slikt sørvisanlegg, fortel dagleg leiar Fretheim.

Har dusj og toalett

- Sånn som situasjonen er no, så har vi brukt ganske mykje pengar på garderobar og sanitære forhold. Og då er jo spørsmålet om dette er det viktigaste lenger. Med den risikoen som surfing inneber er det vel så viktig at mobilnettet er på plass, seier han.

Men dagleg leiar Ståle Olsen i Selje Vekst seier dei allereie jobbar for å forbetre mobildekninga.

- Vi har stor forståelse for behovet, men både mobildekning og breibandforbindelse er noko vi allereie jobbar med, seier Olsen.

Han seier vidare at eit sørvisanlegg var naudsynt. Olsen er innstilt på at dei innan neste sommar saman med Stadsurfing skal få på plass anlegget som kostar mellom 1,1 og 1,3 millionar kroner. Dagleg leiar Torkild Strandvik i Stadsurfing vil ikkje la seg intervjue av NRK. Og Olsen avviser at dei driv med favorisering.