Hopp til innhold

Berre Olden - Innvik blir finansiert

Fylkestinget har berre funne midlar til opprusting av fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. Frank Willy Djuvik og Frp er lite nøgde med handsaminga 45-minuttarsregionen på kysten fekk.

Foreldre står rasvakt ved Ugla mellom Olden og Innvik.

SNART SLUTT: Første skuledag i fjor stod foreldre rasvakt ved Ugla. Dersom fylkespolitikarane får det som dei vil, er siste delen av problematiske Olden – Innvik rusta opp innan fire år.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det er klart etter at fylkespolitikarane i dag gjorde sine vegprioriteringar og vedtok den Regionale Transportplanen (RTP).

På plassane bak følgjer Svelgen Indrehus, som del av 45-minuttsregionen, fylkesveg 57 frå Dale til Storehaug og fylkesveg 60 frå Grodås til Møre grense.

– Resten er ynskjeliste, men Olden – Innvik har også stått lenge på ei prioriteringsliste. No er turen komen til dei, og det vil bli fullført så sant ikkje staten tek over og legg stamveg i indre. Då må vi ha avtale med dei, seier varaordførar, og gruppeleiar for Sp, Jenny Følling.

Skal bli ferdig

Jenny Følling

NØGD: Jenny Følling (Sp) seier det var Olden–Innvik sin tur å bli ferdigstilt no.

Foto: Alf Vidar Snæland

Medan opprustinga av Ugla – Skarstein i Indre Nordfjord blir lånt opp, finansiert og starta opp så snart som råd etter 2014, må resten av vegane i fylket vente på tur. For meir midlar har dei ikkje til rådvelde.

Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal bad sine kollegaer i fjordfylket om å halde Grodås - Møre grense høgt på lista . Den valde Følling & co. å ikkje ta særskilt omsyn til når dei skulle fordele 270,8 millionar kroner til utbetring av fylkesvegar, gang- og sykkelveg og tunnelrehabilitering.

– Det var dette som var mogleg å få til med fleirtal og halde mest mogleg av det vi har lova, seier varaordføraren og siktar til Olden – Innvik.

– Set prosjekt i fare

Høgre, Frp og Venstre presenterte sitt eige framlegg før avrøystinga. Dei meiner det er fullt ut ansvarleg å låne meir pengar til vegprosjekta

Frank Willy Djuvik

I FARE: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner prioriteringa til fylkestinget set 45-minuttarsregionen på kysten i fare.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Gruppeleiar for Frp, Frank Willy Djuvik, meiner fylkestinget har sett heile 45-minuttsregionen på kysten i fare ved å splitte det opp i fleire ulike prosjekt og fordelt det utover lista.

– Dei har sett det i fare fordi Høgre mellom anna har lova å gå inn med ein næringspakke til kystvegen. Vi har moglegheit til å bruke ferjeavløysingsmidlar og vi har moglegheit til å bruke bompengar, seier han og viser til at det for Frp er greitt å erstatte ferjebillettar med bompengar.

For liten verdieffekt

– Det som er problemet, når ein ikkje ser det på ein næringspakke, men berre som lokale prosjekt, så vil ein heller ikkje få løyse ut dei pengane eller bruke dei finansieringsløysingane. Prosjektet har rett og slett for lite regional verdiskapande effekt, legg han til.

Varaordførar Følling nektar for at heile 45-minuttsregionen blir sett i fare.

– Vi skal lage til den pakken, så får vi sjå om dei blå greier å innfri. Dette er eit prosjekt på 2,7 milliardar, pluss Magnhildskaret. Det er fleire milliardar, alle som står på prioriteringslista kan berre gløyme det, seier ho.

Vil ikkje prioritere

– Det Jenny Følling viser, er at ho ikkje vil prioritere det, fordi det blir for dyrt i høve til andre prosjekt. Frp, Høgre og Venstre meiner noko anna, for det er det viktigaste regionale utviklingsprosjektet vi har i Sogn og Fjordane, seier Djuvik.

– Raudgrøne har prioritert Svelgen – Indrehus, så skal vi halde prioriteringslista. Men det vi også seier er at vi kan lage ein regionbyggingspakke. Vi kan sjå kva dei statlege styresmaktene vil bidra med, og kjem det midlar så kan vi klare å realisere meir veg, svarar Følling.