NRK Meny
Normal

To til sjukehus etter brann i omsorgsbustad

Ein mann (66) vart lettare skadd då det natt til fredag byrja å brenne i ein omsorgsbustad i Førde.

Naudetatane rykte ut i 04.30-tida etter at den automatiske brannalarmen var utløyst i bustaden.

Politiet opplyser at det var ein mindre brann, som var sløkt før brannmannskapa kom til staden. Det var to personar i bustaden. Begge vart tekne hand om av helsepersonell og sendt til sjukehus for behandling av røykskadar.

AMK opplyser fredag morgon at ein 66 år gamal mann er lettare skadd. Han får behandling ved vanleg avdeling.

Det er førebels uvisst kva som starta brannen.

– Omstenda kring brannen er noko vi prioriterer, så dei detaljane vil vi jobbe med å få klarlagt i føremiddag, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast