Hopp til innhold

Fekk bakoversveis av alle dei tomme husa

Mange som vil flytta til Sogn, slit med å finna høveleg bustad. Samstundes står fleire hundre hus tomme. Eit paradoks, slår rapport fast.

Ivar Kvalen og Valborg Heløy

FULL BARNEHAGE I JOSTEDALEN: – Me har ikkje lukkast i alle bygdene, men til dømes i Jostedalen har eigedomsskifta ført til oppbløming, seier Valborg Heløy, prosjektleiar for «Folk i fleire hus» i Luster kommune. Her saman med ordførar Ivar Kvalen (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eit par gonger har eg fått totalt bakoversveis av alle husa som har stått tomme, gjerne i eldre byggjefelt, seier Valborg Heløy i Luster kommune.

Heløy har leia eit treårig prosjekt som har prøvd å få folk i dei 336 tomme husa i Luster kommune. Det er skrive 229 brev og teke 193 telefonar til huseigarar, men for mange sit det langt inne å selja eller leiga ut.

Sterke kjensler

– Huset, småbruket eller garden er gjerne samlingsplass for familien om sommaren. Nokre har planar om at huset skal bli pensjonistbustad. Andre vil at ungane skal ha ein bustad i kommunen, seier Heløy.

Situasjonen i Luster er ikkje unik. Også i Vik, Aurland, Lærdal, Balestrand og Høyanger står ein bråte med feriehus tomme, viser ein rapport om bustadmarknaden i Sogn.

Dersom dei tomme husa hadde blitt selde eller leige ut, kunne det ha lokka fleire tilflyttar og snudd folketalsnedgangen, seier Pelle Engesæter, mannen bak utgreiinga:

– Det hadde vore ei stor hjelp. Med kommunale bidrag til opprusting kunne bustadane utgjera eit stort potensial.

Pelle Engesæter

STORT POTENSIAL: Dersom dei tomme husa blei selde eller leige ut, kunne det ha lokka fleire tilflyttar og snudd folketalsnedgangen, seier Pelle Engesæter, mannen bak rapporten «Bustadmarknaden i Sogn».

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Dyre einebustader

Mange som vil flytta til Sogn, spør etter hus til leige, billege bustader eller mindre leilegheiter. Men i all hovudsak er det dyre einebustader til sals.

Sogn kan læra av Hardanger for å få folk i dei tomme husa, seier Olav Ohnstad, seniorrådgivar i Husbanken:

– Til dømes har assisterande rådmann i Granvin oppsøkt eigarar av tomme hus som er feriehus til utflytte gravensarar. Han har fått til mange avtalar, slikt at kommunen kan bruka husa i periodar.

– Kva effekt har det hatt?

– Unge familiar som ønskjer å flytta til Granvin, får tilbod om å leiga, for å finna ut at kommunen er flott å bu, slik at dei i nesten omgang kan byggja seg ein bustad.

Olav Ohnstad

«LOOK TO HARDANGER»: – I Granvin har dei fått til avtalar med mange eigarar om å leiga ut tomme hus til dømes unge tilflyttarfamiliar, seier Olav Ohnstad, seniorrådgivar i Husbanken.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Oppbløming

I Luster hadde dei mål om at minst ti tomme hus, småbruk eller gardar skulle seljast til tilflyttarar. Dei greidde dei.

– Me har ikkje lukkast i alle bygdene, men til dømes i Jostedalen har eigedomsskifta ført til oppbløming. Der er barnehagen heilt full, seier Heløy.