NRK Meny
Normal

Fekk asylavslag i juni - men var framleis i Norge fem månader etter

Den 30 år gamle mannen frå Sør-Sudan som er sikta for å ha knivdrepe tre personar på Valdresekspressen måndag, fekk avslag på asylsøknaden sin i juni. Nesten fem månader etter var han framleis i Norge. Mannen skulle transporterast ut av landet i dag.

Slepar bussen vekk

TEKEN VEKK: Tysdag morgon vart bussen slept vekk frå åstaden.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Dette er ein person som har søkt om asyl, og som kom til Norge i april. Han fekk avslag på søknaden i juni, og skulle returnerast til Spania etter den såkalla Dublin-forordninga, seier kommunikasjonsdirektør i UDI, Ingeborg Grimsmo.

Ifølgje Dublin-forordninga skal personar som alt har søkt asyl i eit europeisk land, tilbake til det første landet dei søkte asyl i.

SISTE: Politimester i Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden, stadfestar på ein pressekonferanse klokka 11.05 at den trippelddrapssikta etter busstragedien skulle vore send ut av Norge i dag.

Den sikta mannen er framleis på Haukeland universitetssjukehus med lettare skadar.

– Den sikta er ikkje avhøyrd endå. Vi har førebels lite opplysningar om motiv, seier politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes.

Kripos har vore på staden i natt, dei vil også bistå taktisk i denne saka.

– Vi ventar at det vil komme personar til Årdal om kort tid, seier Refsnes.

Dei tre omkomne vert frakta til Gades Institutt i Bergen for obduksjon.

Skulle sendast til Spania

Men trass i at mannen fekk avslag i juni, for nesten fem månader sidan, var den 30 år gamle mannen frå Sør-Sudan framleis i Sogne-regionen inntil i går, då ei busskapring enda i ei tragedie med tre personar knivdrepne.

Grimsmo kjenner ikkje til når mannen skulle bli sendt ut av landet.

– Det er politiet som veit meir om når personen skulle transporterast ut av landet, så det kan eg ikkje svare på, seier Grimsmo.

– Er det normalt at det går så lang tid frå eit avslag til ein person vert send ut?

– Det må du spørje politiet om. Det har med deira kapasitet å gjere, seier Grimsmo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dei drepne blir frakta vekk etter busskapringa i Årdal

TRAGEDIE: Tre personar vart knivdrepne på Valdresekspressen måndag kveld.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Hadde budd på to mottak

Den sikta mannen kom først til eit mottak i Oslo, før han seinare vart flytta til mottaket i Årdal.

– Han har berre vore på det første mottakssenteret i Oslo, samt i Årdal, seier Grimsmo.

Trass i at mannen fekk avslag i juni, har han halde fram med å bu i Årdal.

– Alle har tilbod om eit mottak der dei kan bu så lenge dei er i Norge, seier Grimsmo.

– Har mannen vore gjennom helsesjekk med tanke på mental tilstand?

– Det har ikkje eg oversikt over. Det vil uansett vere ei personvernsak, vi kan ikkje gi ut detaljar om personen, seier Grimsmo.

Men ho stadfestar likevel at det ikkje har vore hendingar knytt til mannen tidlegare.

– Det har eg ikkje fått informasjon om, nei, seier Grimsmo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skulejenter tenner lys

PREGA: Heile Årdals-samfunnet er prega av den rystande hendinga måndag. Mange samla seg for å tenne lys for å minnast dei drepne.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Er alltid eit spørsmål om kapasitet

– Er oppfølginga av asylsøkjarar god nok når denne type ting kan skje?

– Det er alltid eit spørsmål om kapasitet. Og det er umogleg å føresjå denne type ting. Vi gjer vårt beste utifrå dei rammene vi har. Så vil det alltid vere spørsmål om det kunne vore gjort meir, seier Grimsmo.

Asylmottaket i Årdal vart oppretta på seinsommaren i år. 150 asylsøkjarar bur ved det desentraliserte mottaket. Asylmottaket i Årdal er organisert slik at bebuarane bur i husvære forskjellige stader i Årdal, og ikkje på eit samla mottak.

Grimsmo er no oppteken av at UDI skal vere til støtte for dei som er att på mottaket.

– Det vi kan gjere er å støtte mottaket og den ansvarlege der, for der er det ganske stor pågang, og det har vore ei sterk og ubehageleg oppleving for dei, seier Grimsmo.

UDI vil også hjelpe kommunen, dersom det er ønskje om det.

– Vi vil støtte dei, og vi tek kontakt med ordføraren i Årdal for å høyre om vi kan hjelpe til, seier Grimsmo.

Hadde vore i Årdal i halvannan månad

– Vi er djupt fortvila over det som er skjedd, og våre tankar går til pårørande i Årdal, seier assisterande direktør i Hero, Tor Brekke.

Han stadfestar at mannen frå Sør-Sudan søkte om asyl i april.

– Han kom til Årdal 26. august, så han har vore her halvannan månad, seier Brekke.

Han stadfestar at også at mannen fekk avslag på asylsøknaden etter Dublin-forordningen.

– Det betyr at han har søkt asyl i eit anna land tidlegare, og skulle sendast tilbake til Spania, seier Brekke.

Heller ikkje Brekke kan stadfeste at mannen skulle sendast ut av landet i dag.

– Det kan ikkje vi seie noko om. Det er politiet som avgjer kven, når og korleis personar skal transporterast ut, seier Brekke.

(Artikkelen held fram under videoen)

Asylmottaksdirektøren i Årdal sier den drapssiktede asylsøkeren skulle utvises til Spania i tråd med Dublin-avtalen.

SKULLE TIL SPANIA: Den drapssikta 31-åringen skulle tilbake til Spania. Foto: Ole André Rekkedal

Skal ha sett seg på bussen frivillig

Han legg til at det faktum at den drapssikta mannen var på Valdresekspressen, ikkje har noko med utsending av landet å gjere.

– Slik vi forstår det har mannen sett seg på bussen på eige initiativ. Det har ikkje noko med uttransportering å gjere, slik vi har forstått det førebels, seier Brekke.

Han har ikkje noko utfyllande informasjon om bakgrunnen til mannen.

– Det vi har forstått så langt, er at det ikkje har vore teikn på at mannen var utagerande eller i ubalanse. Han har delteke på obligatoriske informasjonsprogram og ikkje synt teikn som har gjort at det var grunn til uro, seier Brekke.

– Vert det gjort vurdering på det, viss personar ikkje syner slik oppførsel?

– Det inngår i jobben til mottaket å gjere observasjonar og drive miljøarbeid. Viss det er noko som tyder på at folk har helseproblem, så blir det rapportert til lokale helsetenester og eventuelt politiet. Men så langt ser det ikkje ut til at mannen har synt slike problem, seier Brekke.