NRK Meny
Normal

Fekk avklaring som styrker bruhåpet

Draumen om Nordfjordbrua lever vidare etter at ordførarane i Gloppen og Eid i dag var på tiggarferd til kommunalministeren.

Ordførarar møter Sanner

NØGDE MED MØTET: Frå v. ordførar Alfred Bjørlo (V), Eid, kommunalminister Jan Tore Sanner (H), og ordførar Leidulf Gloppestad (Sp), Gloppen.

Foto: Agnar Kaarbo / Kommunaldepartementet

Alfred Bjørlo og Leidulf Gloppestad håpar statsråd Jan Tore Sanner vil spytte inn 5,5 millionar til bruplanlegging mot at dei to kommunane slår seg ilag. Det kom ingen lovnad om det, men ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid seier dei fekk ei viktig avklaring om ferjeavløysing.

– Vi har fått veldig tydelege signal på at det må det vere fullt mogeleg å bruke ferjeavløysingsmidlar, og vi fekk ei anna viktig avklaring sidan Samferdselsdepartementet var med på møtet. Vi kan rekne 40 års periode for ferjeavløysing, også for ei bru som Lote-Anda, som er riksveg.

– Viktig steg på vegen

Alt i alt er Bjørlo nøgd med utbytet av Oslo-turen.

– Det er eit viktig steg på vegen, vi fekk grønt lys for å jobbe vidare, og klar beskjed om at det er rett av oss å tenke ferjeavløysingsmidlar som ein del av kommunesamanslåingsprosessen.

Når det gjeld søknaden om pengar til bruplanlegging fekk Bjørlo og Gloppestad lovnad om at det skulle kome ei snarleg avgjerd.

– Vi fekk veldig positive signal på måten vi jobbar på. Vi har søkt om pengar frå ei ny belønningsordning for kommunar som slår seg saman, og vi har fått svar på at søknaden vår treffer, seier Bjørlo.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser