Hopp til innhold

Fekk augeproblem etter eksplosjon

Arbeidarar som oppheldt seg i nærleiken av eksplosjonen ved Vest Tank sitt anlegg i Gulen har fått skader på auga.

Eksplosjon i Sløvåg

EKSPLOSJON: 24. mai 2007 eksploderte to store tankar ved Vest Tank sitt anlegg i Gulen. Forskarar kartlegg no kva helseplager innbyggjarar og arbeidarar i området har fått.

Foto: at Asbjørn Refsdal

Ei forskargruppe frå Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssjukehus har sett på helseplager hos befolkninga etter hendinga i 2007.

To tankar på anlegget eksploderte og folk har i etterkant klaga over ulike helseplager. Forskarane har no funne ut at folk som oppheldt seg i Sløvåg etter eksplosjonen har fått svakare tårefilm, skriv avisa Firda.

Tårefilm er det som vernar auga mot uttørring og forskarane har funne ut at dei som arbeidde i området har svakare tårefilm enn elles.

– Dei sterkaste funna fann vi hos menn som jobba i industrien i Sløvågomrpdet nær kaia, seier Bjørg Eli Hollund ved yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland Sjukehus til Firda.

Dette skal vere klare teikn på at forureiningsnivået i tida etter ulukka har vore svært høgt. Om nokre veker presenterer forskargruppa ein ny rapport, denne går på kva luftvegsplager innbyggjarar og arbeidarar i området har fått.