NRK Meny
Normal

Fekk åtvaring for pilleutskriving

Ein vikarlege som ei tid var tilsett i Sogn og Fjordane har fått åtvaring av Helsetilsynet for å skrive ut store mengder vanedannande legemiddel.

pills

FAMILIE: Ein vikarlege som ein periode var tilsett i Sogn og Fjordane har fått åtvaring av Helsetilsynet for å skrive ut store mengder vanedannande legemiddel til seg sjølv og nær familie.

Foto: Colourbox

– Vi hjå Fylkesmannen fekk inn ei uromelding frå apoteket om ein vikarlege som hadde skrive ut store mengder vanedannande legemiddel til både seg sjølv og andre. Det følgde vi opp og det vart oppretta ei tilsynssak, seier fylkeslege Per Stensland.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

RUTINAR: Fylkeslege Per Stensland meiner denne saka kan vere ei påminning om kvifor gode tilsettingsrutinar er viktige.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Tilsynssaka enda med at Fylkesmannen sende saka visare til Helsetilsynet som gav legen ei åtvaring. Stensland fortel at den åtvaringa vil bli følgt opp av Fylkesmannen i det fylket legen no jobbar i.

– Legen har vist manglande forståing for korleis ein skal opptre som lege for seg sjølv og nære familiemedlemer. Han har oppført seg fagleg uforsvarleg. På grunn av åtvaringa vil legemiddelutskrivinga til legen bli kontrollert.

Gode rutinar

Legen, som ikkje lenger er busett i Sogn og Fjordane, hadde tidlegare også praktisert i andre fylke. Fleire fylkesmenn har mottatt uromeldingar om han. Stensland ber kommunar om å ha gode rutinar for tilsetjingar og av vikarlegar.

– Vi ser at nokre legar går frå vikariat til vikariat, desse er ei risikogruppe for dårleg arbeid. Fylkesmannen har påpeika for kommunane at det finst gode rettleiarar for tilsettingsrutinar for legevikarar. Denne saka kan fungere som ei påminning for kor viktige slike er.

Vegopning på Bergum i Førde kommune