NRK Meny
Normal

Sperra opp auga då han fekk «utanomjordisk» fisk om bord

– Kva i alle dagar? tenkte yrkesfiskar Jan Vidar Norheim då han fekk ein ganske så uvanleg fisk om bord i båten. – Eg har aldri sett ein slik fisk før, fortel han.

Fekk mystisk fisk på kroken - ei havniøye

SPERRA OPP AUGA: Jan Vidar Norheim var sikkert like stor i auga som den heller uvanlege fisken han fekk om bord i båten sin måndag.

Foto: Kurt Rutledal

Fiskaren frå Bulandet låg og juksa med båten sin nordvest av Bulandet då han plutseleg fekk om bord noko han aldri før har sett liknande til. Fastsoge på ein kjempestor torsk hang ein lang og gråblå sleip fisk.

– Det var ein skikkeleg merkeleg skapning. Den såg nesten litt utanomjordisk ut, seier 43-åringen.

Sjølv om han har fiska sidan han var liten og vore yrkesfiskar som vaksen, har han aldri før fått noko slikt om bord.

Blodsugande sleiping

Og det er ein heller uvanleg fisk han no har fått tatt nærare i augesyn. Vel heime såg han nærare etter i fiskebøkene sine og kunne etter kvart konstatere at det er snakk om ei havniøye.

Fisken er eit rovdyr til havs og suger seg fast på forskjellige fiskar. Med kraftige tenner inne raspar dei hol på skinnet til vertsfisken for så å suge blod gjennom munnen som ligg inne i ei stor sugeskive.

– Det finst faktisk skrekkhistorier om at havniøyer har soge seg fast til svømmande menneske, fortel forskar Harald Gjøsæter ved Havforskningsinstituttet.

Forskaren fortel av havniøyen er ein type fisk som det finst lite kunnskap om, men at historiene om menneske som blir angripne er yttarst sjeldne.

– Det mest vanlege er fiskar, og kanskje kval, og til og med båtar har den sug seg fast på, seier Gjøsæter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fekk mystisk fisk på kroken - havniøye
Foto: Kurt Rutledal

Kan bli nær ein meter og fleire kilo

Sidan det ikkje er forska så mykje på fisken er det vanskeleg å seie noko om kor vanleg det er at fiskarar og andre får nærkontakt med fisken.

– Men når denne fiskaren aldri har sett den før og har fiska i mange år, så seier det jo noko om at dette ikkje er veldig vanleg, meiner forskaren.

Eksemplaret av fisken som enda sine dagar i båten til Norheim var mellom 20 og 25 centimeter. Ein fullvaksen fisk kan bli 90 centimeter og over to kilo, så det var langt ifrå eit fullvakse eksemplar som kom til overflata.

– Eg gjorde store auge då eg såg kva eg hadde fått om bord. Det var ganske spesielt, men det er alltid moro å oppdage noko nytt, seier Norheim.

Rekna som delikatesse

Gjøsæter trur ut frå storleiken på fisken at den akkurat har kome ut frå elva der den har blitt fødd. Havniøyene lever både i saltvatn og ferskvatn, og oppheld seg i elvane når den gyter.

– Den sug seg gjerne fast på ein laks og er med inn i elvane som blindpassasjer, seier forskaren.

Han skildrar fisken som sleip og stygg, og forstår godt at Nordheim ikkje akkurat vart freista til å ete den. Det sjølv om fisken i enkelte land i sørvest-Europa vert rekna som ein delikatesse.

– Men viss dei eit den der nede, så kan det jo vere at den smakar godt, ler han.

Endar truleg opp på utstilling

Monicha Landøy på akvariet i Flora, Flora Fauna håpar no at fisken kan bli del av ei ny utstilling om det biologiske mangfaldet. Ho har allereie avtalt at ho skal få fisken og er fascinert over arten.

– Det er jo ein spesiell art. Den sug seg fast på andre fiskar og det heile må jo vere både smertefullt og ubehageleg, seier ho.

Fleire historier frå dyreverda:

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser