Hopp til innhold

Fekk 80.000 i overlassgebyr

Ein spesialtransport fekk 74.900 kroner i overlassgebyr under ein kontroll på Håbakken i dag. – Det er ikkje ofte vi skriv ut eit så høgt gebyr til eitt køyretøy, seier inspektør Gunnar Brevik. Kontrollørane ved trafikkstasjonen i Lærdal avdekka svært stort avvik mellom dispensasjonen som var gjeven for transporten. Lasta var plassert heilt feil, med alt for mykje vekt på semitralle og for lita vekt på trekkbilen. Bilen fekk køyreforbod til vekta er rett fordelt, og eventuelt ny dispensasjon ligg føre.

Kontrollstasjonen på Håbakken
Foto: Rune Fossum / NRK