Hopp til innhold

Fekk 4,5 års fengsel for dopsal

Ein av hovudmennene i den omfattande doping- og narkotikasaka i Sunnfjord, er dømd til fengsel i fire år og seks månadar.

Pressekonferanse på Sunnfjord hotell
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Til frådrag i fengselsstraffa kjem 127 dagar varetektsfengsling. Sunnfjordingen i midten av 20-åra blir også kravd for 600 000 kroner som han har tent på verksemda.

Saka gjekk onsdag som tilståingssak i Bergen tingrett .

- Veldig profesjonelt

Mannen var mellom fleire som vart pågripne i samband med den omfattande doping- og narkotikasaka som vart rulla opp i fjor . Han vert rekna som ein hovudmann, med fleire medhjelparar . Sunnfjordingen erkjende i tingretten at verksemda pågjekk medan han venta på behandling av straffeutmålingsanke i ei hasjsak . Saka er mellom dei største i landet.

- Verksemda framstår veldig langt på veg som profesjonell og sikta må iallefall ha brukt mykje tid og energi på verksemda, sler tingrettsdommar Ove Kjell Hole fast.

Mangla kunnskap

Mannen stod tiltalt for omgang med 4,8 kilo anabole steroider, som tilsvarar misbruk i 42,4 år. I tillegg kjem 28 910 efedrinhaldige kapslar. Dette er eit mildare dopingmiddel. Mannen kjøpte også inn råstoff til å produsere kapslar av dinotrofenol, men medhjelparen mangla kunnskapen til å kome i gang med denne produksjonen.

- Hadde "prosjektet" lukkast, kunne kapselen ført til alvorlege bivirkninga hos brukarane, skriv tingrettsdommar Ove Kjell Hole.

Tidlegare domfelt

I tillegg til legemidlar nytta i samband med doping, hadde sunnfjordingen også omgang med narkotika. Ifølgje domen kan det dreie seg om 12 800 rusdosar med fenazepan, 1 250 ectstasytablettar og 30 gram kokain.

Sunnfjordingen er tidlegare domfelt tre gonger. Siste gangane for narkotika. Mannen sit i dag i fengsel.

Fekk rabatt

Bergen tingrett kutta fire hundre tusen i kravet frå påtalemakta mot sunnfjordingen. Likevel kunne ikkje retten sjå vekk i frå at han hadde tent nær ein million kroner på verksemda si, slik påtalemakta meinte.

Retten kom fram til at dette ville vere eit for stort krav sett i lys av alderen til mannen. Sunnfjordingen fekk også fengselsrabatt på seks månadar.