NRK Meny

Fekk 2,5 millionar for fisken

Rekordfangsten på 39,5 tonn makrellstørje gav mindre pengar i kassa enn venta, skriv nettavisa Kyst og Fjord. Dei 190 tunfiskane blei selde for til saman 2,5 millionar kroner. – Eg er skuffa, seier skipper Tore Hillersøy til nettstaden. Han seier dei sit igjen med lite etter sal til Japan og Spania. Mest tente dei på sal til den norske sushi-marknaden.

Dag og natt har mannskapet stått på for å få tunfisken i hamn.
Foto: Truls Kleiven
Vegopning på Bergum i Førde kommune