Hopp til innhold

Fekk 242 sokkar i konfirmasjonsgåve

Konfirmant Sindre Refvik (15) frå Refvik i Vågsøy fekk ynsket sitt oppfylt. Og det til gagns.

Konfirmant Sindre Refvik (i midten) med sokkane han fekk i gåve.

SPESIELL GÅVE: Sindre Refvik (i midten) treng ikkje lenger snike i broren sine skap for å finne seg sokkar. Som konfirmasjonsgåve fekk han i helga 121 par sokkar frå slekt og vener. Til venstre mamma Anne Berit Refvik, til høgre står pappa John Inge Refvik.

Foto: Erling Wåge / Fjordenes Tidende

For 15-åringen fekk ei konfirmasjonsgåve langt utanom det vanlege i helga.

I ei stor pappøskje venta nemleg 121 par heimestrikka raggsokkar på å møte sin nye eigar.

– Eg visste ikkje kva eg skulle tru. Eg vart heilt paff. 121 par strikkesokkar. Det er 242 sokkar, smiler 15-åringen til Fjordenes Tidende.

Fekk ærleg svar

Ideen og organiseringa av «prosjekt sokkerulling» var det mamma Anne Berit Refvik som fekk i februar.

På spørsmål om kvifor han gjekk rundt i broren sine tjukkesokkar, fekk foreldra eit ærleg svar:

– «Eg har ikkje. Ikkje fekk eg til jul, og ikkje fekk eg til bursdagen. Eg ynskjer meg 100 par til konfirmasjonen» sa han i ein oppgitt tone. Og då var ideen tent, fortel ho til NRK.no.

Starta sokkerulling

Dermed byrja snøballen å rulle. Ei lukka Facebook-gruppe vart oppretta og slekt og vener tende på den sprøe ideen. Målet på 100 sokkar, i alle mogelege storleikar og fargar, vart nådd med brask og bram. Sjølv strikka Anne Berit 15 par.

  • Kjenner du til andre konfirmasjonsgåver utanom det vanlege? Tips oss.

– Vi har mora oss veldig over ideen, og at folk tende på og vart med på eit slikt prosjekt, ler ho.

Til Fjordenes Tidende fortel Anne Berit til at fadderen til Sindre, Kristin Lillestøl, strikka 18 par på tre månader.

– Folk har vore kjempeflinke og hjelpt til. Vi var sikkert borti 20 personar som strikka. Endå til bror hans på 27 år strikka sitt første par, seier ho til NRK.no.

– Han vart litt flat

– Korleis reagerte Sindre då han opna gåva?

– Han vart litt flat, trur eg. Han sa vel ikkje så veldig mykje til å begynne med, men det var veldig kjekt å sjå kor overraska han vart. For det var mange av oss som strikka openlyst.

Til avisa fortel Anne Berit at 15-åringen elskar å gå i heimestrikka ullsokkar.

– Han tek dei av på dei varmaste dagane og når han skal bade. Elles så er heimestrikka ullsokkar favorittplagget han brukar heile året, seier ho.

– Han har vel merka at dei er gode å ha på, og held beina gode og varme heile tida, held ho fram til NRK.no.

Måndag trappa 15-åringen sjølvsagt opp på skulen, iført tresko og nye sokkar.

– Han måtte ha på seg for å vise dei fram. Han har jo knall oransje og knall grøne sokkar. Han fekk mange flotte sokkepar, avsluttar Anne Berit.