Hopp til innhold

Fekk 228 telefonar om drapstrugsmål

Talet bebuarar på krisesenteret i fylket gjekk ned i fjor, men det var fleire saker med drapstrugsmål og alvorleg mishandling.

Wenche Hovland

FLEIRE ALVORLEGE SAKER: Talet bebuarar for Wenche Hovland og Krisesenteret gjekk ned, men fleire av sakene var sokalla høgrisikosaker, med drapstrugsmål og alvorleg mishandling.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det har vore veldig mange kompliserte og vanskelege saker, som drapstrugsmål og saker der det er fare for liv. Der vi må ha spesielle tryggleikstiltak i samarbeid med politiet, seier leiar av Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland.

87 personar, av dei 47 kvinner, 39 barn og ein mann, var bebuarar på krisesenteret i løpet av fjoråret. Kor mange av dei 87 som var drapstruga, seier ikkje statistikken direkte, men Hovland meiner det er over tredjeparten.

– Reis vekk, for barna si skuld

Av dei 1424 telefonane som kom til krisesenteret med bøn om hjelp i fjor, dreia 228 seg om drapstrugsmål.

863 melde om fysisk mishandling, over 600 handla om trugsmål om vald, og 39 dreia seg om valdtekt.

Det finst også vald mot barn, seier Hovland. I tillegg meiner ho ein også må sjå på det som vald mot born, når dei små må leve med vald og trugsmål mellom vaksenpersonane i heimen.

– Det er absolutt vald mot barn. Barn tek veldig skade av å leve i ein heim med vald mot omsorgspersonar. Vald mot ein partnar er eit angrep på omsorga for barnet. Mange blir for å skjerme barnet eller for barna si skuld. For barna si skuld skal ein reise vekk.

Eit fleirtal med utanlandsk opphav

Kvinner med utanlandsk opphav er tyngda av dei vaksne kvinnene som søker hjelp ved krisesenteret. Nesten 2 av tre vaksne kvinner som fekk plass i fjor og året før, er av utanlandsk opphav.

– Nesten halvparten av dei er gifte med norske menn. Det er og ein del som kjem frå asylmottak, eller er gifte med menn av same etnisitet.

I tillegg kjem det nokre få kvart år som er utsette for menneskehandel, som krisesentera også har eit ansvar for å hjelpe.

– Dette er menneske som har opplevd det mest traumatiske du kan tenke deg av vald og terror. Mange har levd som sexslavar i mange, mange år, sidan dei var store barn. Det er ganske grufulle opplevingar. Det er menneske som treng hjelp i lengre tid. Vi følgjer dei opp etter at dei har flytta ut.

I tillegg til dei 87 som har budd på senteret kortare eller lenger tid i fjor, var det nær 300 som hadde dagtilbod, med samtalar og rådgjeving.