Hopp til innhold

Fekk 21 dagar i kasjotten for å ha slått og sparka etter politimann

Ein 21-åring er i Gulating lagmannsrett dømd til 21 dagar fengsel for å ha prøvd å slå og sparke ein offentleg tenestemann.

Gulating lagmannsrett

ANKA DOMMEN FRÅ TINGRETTEN: I Lagmannsretten fekk aktor gjennomslag for at den tiltalte måtte dømmast til fengsel utan vilkår.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Det var like før midnatt ein aprilkveld i 2013 at mannen stod i ei kø utanfor utestaden Meieriet i Sogndal. Mannen skal ha fått tilsnakk av ein polititenestemann for å ha laga uro i køen inn til utestaden.

Då skal den dømde rusa mannen ha slått og sparka etter politimannen fleire gongar. Den dømde sa også at han skulle ta polititenestemannen eller drepe han.

I Sogn tingrett vart mannen dømd til 30 dagar fengsel med ei prøvetid på to år. Han måtte også betale ei bot på 10.000 kroner.

Påtalemakta anka dommen til lagmannsretten. Her la aktor ned påstand om 21 dagar fengsel utan vilkår.

Lagmannsretten dømde mannen til 21 dagar fengsel. Dommen var samrøystes.