Hopp til innhold

Fekk 18-årspresangen tre dagar på forskot

Laurdag knuste hyaren Jon Rolf Skamo Hope (17) all motstand på ti km klassisk under Norgescupen på Hovden. Søndag fekk han telefonen om uttak til U23VM.

Jon Rolf Skamo Hope

SATSAR PÅ SKI: Jon Rolf Skamo Hope.

Foto: privat

– Det kom heilt overraskande, og det er heilt uverkeleg. Men veldig kjekt, seier Hope, som går for Hyen IL.

Onsdag fyller han 18 år, men presangen har han allereie fått.

– Det var ikkje mykje som mangla på at det vart bursdagspresang, nei, ler Hope.

For det er ikkje kvardagskost at 18-åringar får bli med i troppen til U23VM.

– Det er først og fremst 19- og 20-åringane dei prioriterer. Så eg er veldig nøgd med å få lov til å delta som 18-åring, seier Hope.

Ikkje lett å komme utanom

Det stadfestar administrasjonssjef i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen.

– Dette er ein fantastisk sterk prestasjon. Eg trur nok Skiforbundet har sett spesielt på resultata han leverte i Norgescupen i helga der han var totalt suveren på klassiskdistansen i 18-årsklassen. I tillegg slår han dei beste 19- og 20-åringane. Då er det vanskeleg å komme utanom ein slik løpar, seier Thorsen.

Normalt sett tek Skiforbundet ut utøvarar i aldersklassen 19 og 20.

– Det er yttarst sjeldan at dei tek ut 18-åringar, seier Thorsen.

Isande kulde førte til at Hope berre fekk gått klassisk under Norgescupen, då løpet i fristil vart avlyst. Men i klassiskløpet klinte han til og slo den beste 18/19-åringen med eitt minutt og to sekund.

Yngve Thorsen

STERKT: - Å bli teken ut til U23VM som 18-åring er ein sterk prestasjon, seier administrasjonssjef i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Og Hope hadde suverent beste tid uansett klasse og slo bestemann i klasse 19/20 med 23 sekund. I tillegg gjekk han inn til sølv i junior-NM sprint fredag.

– Det var moro å få fullklaff, seier Hope, som har satsa på ski sidan han var 13 år, og som no går på Norges Toppidrettsgymnas på Geilo. Han er også aktiv i friidrett.

Viktig for rekrutteringa

Tidlegare har han hatt fristil som favorittøving, men i den seinare tid har han jobba mykje med teknikken i klassisk og er jamngod i begge. Planen fram mot VM er klar.

– No skal eg trene godt i ei veke, og så byrje å toppe forma fram mot klassisk-distansen som eg skal gå først, seier Hope.

Thorsen peikar på at slike prestasjonar er viktige for rekrutteringa til langrennssporten.

– Det er viktig at dei unge løparane ser at det stadig kjem gode langrennsløparar frå Sogn og Fjordane, og at det er mogleg å komme herifrå og matche dei aller beste. At vi har slike rollemodellar som Hope, Torstein Bu, Gjøran Tefre og Andreas Hetle er avgjerande for arbeidet vårt, seier Thorsen.