Hopp til innhold

Fekk 12.000 i bot for bremsesvikt

Ein sogning i 60-åra har fått 12.000 kroner i bot for å ha køyrt bil med mangelfulle bremser. Mannen kom køyrande på E39 og klarte ikkje å stoppe for stoppsignal ved eit vegarbeidsområde. Sjølv om mannen merka at det var noko gale med bremsene, køyrde han to og ei halv mil heim etter episoden.

Fjordane tingrett har også teke frå mannen førarretten i fire månadar, og må også betale sakskostnadar med 2.000 kroner.