Hopp til innhold

Fekk 100 000 for godt arbeidsmiljø

Torsdag var det stor kakefest på Stryn omsorgssenter. Med god grunn.

Anette Frandsen og Vibeke Os Bratlie

GLEDE: Anette Frandsen og Vibeke Os Bratlie under overrekkinga av KLP sin arbeidsmiljøpris 2010.

Foto: Nils P. Støyva

Omsorgstenesta i Stryn er tildelt KLP sin arbeidsmiljøpris 2010 for prosjektet «Trivsel på jobb - eit nærværs prosjekt».

I går overrekte Vibeke Os Bratlie, avdelingsleiar HMS i KLP, diplomet og sjekken på 100 000 kroner til områdeleiar Anette Frandsen.

- Gjennom prosjektet har vi fått ned sjukefråværet frå 12,1 til 5,1 prosent, fortel Helse- og sosialsjef Berit Wetlesen.

Merkar skilnad

I slutten av januar vart det klart at prisen ville hamne i Stryn. Juryen la vekt på at omsorgssenteret har arbeidd systematisk med å kartleggje arbeidsmiljøet og følgje opp resultata med eit breitt spekter av tiltak.

Områdeleiar Frandsen meiner å merke skilnaden etter halvanna år med prosjektet.

- Folk har skuldrane meir nede. Dei slappar av, og har fokus på pleie- og omsorg for brukaren, fortel ho.

Sosialisering

Mellom tiltaka er eit eige trivselsteam med tilsette frå kvar avdeling på omsorgssenteret. Dei tek initiativ til sosiale aktivitetar for «heile huset».

- Vi har mellom anna hatt stor felles sommarfest, og vi har prøvd oss som kunstnarar. Det er veldig viktig å kunne møtast i ulike situasjonar og å lære kvarandre å kjenne utanfor arbeidsplassen, seier Frandsen.

Kursa tilsette

Minst like viktig er det som skjer på arbeidsplassen. Gjennom samarbeid med NAV om tilrettelegging, har tilsette som har vore ute i full sjukemelding kunne kome attende til jobb. Frandsen fortel at dei også har sett prosedyrar i system. Mellom anna kva som skjer og når ved sjukemeldingar.

Tilsette har har gjennomført kurs i «strålande arbeidsglede» og flytteteknikk og laga prosedyrar for kva som skjer og når ved sjukemeldingar.

Stryn kommune fekk KLP's arbeidsmiljøpris.

KAKE: Slik feirar ein prisen på 100 000 kroner for betre arbeidsmiljø.

Foto: Nils P. Støyva

- Nær 80 prosent av sjukemeldingane skuldast leddproblem og slitasje på muskel. Det å få kurs i flytteteknikk har vore veldig nyttig, fortel ho.

Ansvar og eigarskap

- At folk får mogelegheit til å fordjupe seg i arbeidsmiljø og trivsel, trur eg har gjort ein stor del, legg Frandsen til om årsaka til den kraftige reduksjonen i sjukefråværet.

Ho held fram:

- Eg trur det handlar om ansvar og eigarskap til arbeidsplassen, og det å kjenne seg inkludert og verdsett på jobben. Vi har mellom anna nyhetspermar der all aktuell informasjon blir lagt ut. Om nye folk på huset, lærlingar.

Kostnad og belastning

Frandsen seier sjukefråværet plar gå opp og ned, og trur difor ikkje at prosjektet er einaste årsak til at den no er nede i 5,1 prosent. Men det har medverka.

At sjukefråveret er over halvert, gler også helse- og sosialsjef Wetlesen er nøgd.

- Det er ein stor kostnad på budsjettet og ei stor belastning på dei som er att. Det er uheldig for tenesteytinga ovanfor brukarane når det er mykje sjukefråvær, seier ho.

Framleis utfordringar

Det er førebels uvisst kva prispengane skal gå til. Ein del vil gå til felleskassa til dei tilsette.

Samstundes har omsorgssenteret no meir pengar til å bruke på arbeidsmiljøet.

- Det er framleis utfordringar. Arbeidsmiljø er ein kontinuerlig prosess som aldri stoppar. Om vi no har fått prisen, så er det viktig å ikkje lene seg tilbake og seie «det var det», seier Frandsen.