Hopp til innhold

Fekk 10.000 av kommunen for innsatsen med grasbana

FLORØ (NRK): Even Hamn vil ikkje tenke på kor mange timar han har brukt på grasmatta på Florø stadion. Søndag fekk han 10.000 i reisegåvekort.

Even Hamn, Florø fotball

ALLTID PÅ JOBB: Medan Even Hamn fekk prisen i pausen, var han ute å fiksa hol og skadar bana hadde fått i løpet av første omgang.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Eg kan bruka stipendet til å reisa ein plass og læra meir om baner. Det sett eg stor pris på, seier Even Hamn til NRK.

Det var i pausen i årets siste heimekamp, mellom Florø og Strømmen, at Hamn fekk prisen. Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) og rådmann Terje Heggheim stod for overleveringa av gåvesjekken.

Mykje tid

Terje Rognsø, gåvekort frå Stimen

PENGEGÅVE: Supporterklubben til Florø, Stimen, har hatt innsamlingsaksjon til laget i heile haust. I pausen på årets siste heimekamp fekk Florø-trenar Terje Rognsø sjekken på 116.000 kroner.

Foto: Truls Kleiven

Det er om lag ti år sidan han byrja og stelle med bana i Florø. Dei siste åra har den blitt hylla av motstandarlag, spelarar og representantar frå fotballforbundet. Rykta vil ha det til at det berre er Lerkendal, heimebana til Rosenborg, som er like god.

– Eg likar å gjera ting skikkeleg, seier Hamn.

– Kor masse tid går det med?

– Eg vil helst ikkje tenka på kor mykje tid eg har brukt. Men det går fort fem timar i morgon sidan det er dagen etter kamp, seier han.

I tillegg til bana på Florø stadion har han også stelt med grasbana i Eikefjorden.

Florø stadion i vårsol

FIN: Grasmatta på Florø stadion er kjend som ei av dei beste i landet.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK