Fekk 10 000 i bot etter uhellet

Sjølv om kvinna i 70-åra var trøytt sette ho seg bak rattet og la ut på E39. Ved Svidal i Jølster sovna ho og køyrde av vegen. Bilen heldt fram kring ti meter på dyrka mark før den stogga i nokre tre. Ho kom frå uhellet utan skader, men må betale 10 000 kroner i bot og klare seg seks månader utan lappen.

Utforkøyring ved Svidalsneset
Foto: Oddleif Løset / NRK