Hopp til innhold

Fekk 1 million kroner i 30-årsgåve

Høgskulen i Sogn og Fjordane si Avdeling for økonomi og administrasjonsutdanning fekk ei spesiell gåve, då utdanninga fredag runda 30 år.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

SIDAN 1985: Økonomi og administrasjonsutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har dei siste åra halde til her i den tidlegare Lerum-fabrikken Fossbygget.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Sunnmøringen i meg smile frå øyre til øyre, fortel instituttleiar Leif Longvanes.

Eit steg nærmare master-utdanning

Utan forvarsel overrekte Sparebanken Sogn og Fjordane overleverte ein sjekk på 1.050.000 kroner til Øk.adm.-utdanninga.

Gåva gjer at høgskulen er eit langt steg nærmare å starte masterutdanning i økonomi og administrasjon. Fram til no har bachelor vore høgste grad ein har kunne tilby.

– Det er ei kraftig utfordring for oss å bygge høg og brei nok kompetanse til dette. Derfor så var det eit stort smil på munnen min i dag.

– Verkeleg ei overrasking

For å kunne tilby masterutdanning blir det stilt strenge krav til forsking ved høgskular og universitet. Pengane skal gå til å setje i gang eit forskingsprosjekt som ein stipendiat skal inn i.

– Det dreier seg om risikokapital i distriktsinnovasjon. På jubileet fekk vi ei skikkeleg stor gåve og ei verkeleg god overrasking, ler instituttleiaren.

Høgskulen i Sogn og Fjordane i økonomi- og administrasjonsutdanning har utdanna 1200 studentar sidan starten i 1985. Jubileet vart fredag markert med ein eigen konferanse på Campus i Sogndal.