Feiringa i Gulen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gulen kommune og er del av det nasjonale jubileumsprogrammet.
– Gulatingslova er sentral som bakteppe for danninga av den demokratiske rettsstaten Noreg. Sogn og Fjordane er dermed vertskap for ein arv som er ein demokratisk skatt i nasjonal samanheng. Eg vil be folk i fylket halde av denne datoen og delta på feiringa i Gulen, seier fylkesordførarar Åshild Kjelsnes.
Underhaldning og alvor
Feiringa «Frå Gulating til Storting» 28. juni vil gå føre seg i Gulatingsparken. Det blir offisiell opning med helsingar og underhaldning av lokale og kjende artistar. Songarar og musikarar i fylket er inviterte til å medverke i eit stort felleskor og -korps. På kvelden vert det konsert med påfølgjande dans.
«Ungdommens FN» deltek og vil halde appellar om konfliktløysing, makt og samfunnsansvar. Her medverkar ungdom frå fylket saman med United World College i Fjaler og FN-sambandet.
Ordføraren gler seg
I løpet av jubileumsmarkeringa blir det også utstillingar og sceneinnslag frå internasjonale gjester frå blant anna Island, Orknøyane og Shetland. Det er lagt opp til ei storstilt feiring i Gulen, og ordføraren gler seg.
– Eg tenkjer at dette er heilt naturleg. Gulatinget er ein sentral del av vår demokratiske historie. Det heile starta jo her for over 1100 år sidan.
Eg har store forventningar, eg gler meg veldig til arrangementet. Då får vi løfta Gulatinget til den plassen det verkeleg er i den norske historia. Dette blir jo også ein del av den nasjonale feiringa, seier Oppedal til NRK.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Arven frå Gulatinget
Gulatinget er ei viktig nasjonal og internasjonal kulturarv. Det var her den norske representative styringsforma starta. Gulatinget og Gulatingslova dannar grunnlaget for at Noreg vart ein demokratisk rettsstat med folkestyre.
Lova er den eldste rettskjelda vi har i både Noreg og Norden, og spora attende til Gulatinget er tydelege i Grunnlova frå 1814. Difor er Gulatinget ein svært naturleg del av årets grunnlovsjubileum.