Hopp til innhold

Feirar rekordtidleg opning med gratis heiskort

God produksjon av kunstsnø gjer at Sogn skisenter opnar rekordtidleg denne helga.

Siste prep av bakken ved Sogn Skisenter

SNART KLAR: Tråkkemaskina gjekk for full maskin i går og i dag for å få alt klart til opning. – Vi hadde aldri klart det utan dei frivillige som stiller opp og hjelper oss, seier nestleiar i styret til Sogn Skisenter.

Foto: Øystein Veum / Sogn Skisenter

– Vi har aldri opna så tidleg før. Vanlegvis opnar vi ei av dei to første vekene i desember, men vi har aldri opna i november, seier nestleiar i styret til Sogn Skisenter, Øystein Veum.

Då NRK snakka med Veum torsdag ettermiddag var han i full gong med polstring av master langs den ein kilometer lange traseen som vert opna laurdag.

Skisenter 2.0

Gratis for alle

For å feira den tidlege opninga slår dei til med gratis heiskort for alle.

– Vi ønsker alle velkommen. Mange har ringt og spurd oss om når vi skal opna og det er ei glede å kunne annonsere at vi no kjem i mål, fortel Veum.

Sjølv om det vert rekordtidleg opning, er det delar av anlegget som ikkje er heilt klart enno.

– Det er ikkje nok snø til å opna barnetrekket dessverre, seier Veum.

Rundtom i fylket er det fleire av skisentera som nærmar seg opning, men til helga er det berre Sogn skisenter som er klare til opning. Om ein vil kryssa fylkesgrensa er det mogeleg å ta turen til både Filefjell og Myrkdalen.

Siste prep før opning

MYKJE SNØ: God kunstsnø-produksjon har gjort det mogeleg for Sogn Skisenter å opna rekordtidleg i år.

Foto: Øystein Veum / NRK

Utruleg stolte

I år har skisenteret produsert rekordmykje kunstsnø og til no har dei allereie fått på plass meir enn dei laga i heile fjor.

– Vi opnar ein kilometer med nedfart. Til samanlikning opnar vi no same helg som fleire av dei største alpinanlegga i Norge. Hemsedal opnar tre kilometer med nedfartar og vi er utruleg stolte av å kunne opna samtidig som dei, seier Veum.

Sjølv om vêrmeldinga ikkje er den beste for helga, er Veum optimist.

– Dette er ein utandørsidrett og folk må kle seg godt. Vi har kafé open med kakao og vaflar som folk kan varma seg på, seier Veum.