Gjennom eit lågt skydekke lyser månen opp ein halvvegs attgrodd gangveg på Grindøy heilt sør i Vågsøy ytst i Nordfjord.
I enden av vegen står det eit vindslitt kvitt hus med ein sjuarma elektrisk lysestake i vindauget.
Den einaste fastbuande på den forblåste øya skal feire jul heilt aleine for tredje gong.
– Eg har det godt her ute, men eg saknar mannen min veldig, seier Anna Grindøy (88).
Uventa besøk
Frå kjøkkenet luktar det nytrekt kaffi. På veggane heng solbleika innramma fargefoto og broderi frå svigermora hennar si tid; dei fleste med klare kristne bodskap.
Anna småtrippar nett og lettbeint mellom det kvitmåla kjøkenet og stova. På bordet dekker ho opp med småkaker og sitt finaste porselen.
For fleire år sidan avtalte NRK eit møte med ekteparet på Grindøy. Heilt oppunder julehøgtida, fleire år seinare, kjem vi durande med den 60 fot lange rutebåten Øyglimt.
No har Anna, som opphavleg kjem frå Sandnes i Rogaland, blitt aleine.
– Utan Øyglimt og ruta til Måløy kunne eg ikkje budd her, seier ho.
Under den litt rufsete frisyren har ho ein beskjeden, men klingande latter.
Fann kjærleiken på Betelskipet
Ei gamal lysebrun veggklokke tikkar taktfast i stova. Ved vindauget mot havet i sør ligg ein svart kikkert lett tilgjengeleg.
Der ute dreiv ho torskefiske i 17 vintrar saman med ektemannen Ludvik.
– Det var veldig, veldig kjekt, men eg saknar ikkje sjølivet når Ludvik ikkje lenger er med, seier ho, og festar blikket sørover Fåfjorden mot Bremanger.
Det var i 1972 industripakkerska Anna frå Sandes og fiskarbonden Ludvik Grindøy møtte kvarandre under ei reise med Betelskipet, som var den Indre Sjømannsmisjonen sitt flytande bedehus.
Året etter tok den då 42 år gamle Anna eit stort og viktig steg i livet sitt. Ho flytta oppover og gifta seg med den litt eldre Ludvik på det vesle småbruket på Grindøy, der det den gong budde to familiar.
Feirar jul aleine
– Vi hadde eit veldig godt liv saman, seier Anna.
På brudebiletet har ho ein vakker lyseblå brudekjole. Ved sidan av står ein høg og stram ektemann.
I 2017 døydde Ludvik. Dei fekk aldri barn. No feirar ho jul aleine for tredje gong på øya ute i havgapet.
Her slår ho vel 1.000 rutemeter grasmark og den lange myrlendte gangvegen med grasklippar fem gonger kvar sommar.
88-åringen greier seg fint aleine. Ho står tidleg opp og likar å sjå fjernsyn.
Anna Grindøy har ikkje juletre i år, men pyntar likevel ekstra til jul.
Heime i Rogaland brukte dei torsk til julemiddagen, men no går det i pinnekjøt, etter Ludvik sin tradisjon.
– Eg gleder meg framleis veldig til jul, seier ho, og smiler vemodig.
– Men på ein litt annan måte enn i barndommen.