Feirar gjennomslag med kakefest

I dag var det endeleg klart for gjennomslag i Bjørnabakktunnelen på 1565 meter. I to somrar har dei jobba med rassikring på fylkesvegen til Veitastrond i Luster.

Tunnelgjennomslag i Veitastrond

SPRENGDE: Klokka 12 blei det sprengd ei symbolsk salve i sørenden av tunnel.

Foto: John Molland

– Vi har jobba jamt og trutt, og hadde vel håpa på gjennomslag litt før slik at vi hadde fått betre tid til etterarbeidet. Men no er vi endeleg komne så langt at vi er klare for ei markering, seier prosjektleiar Stein Dyngen i Statens vegvesen.

Arbeidet med Bjørnabakktunnelen starta juli 2014. Massane frå tunneldrivinga er brukt til å sikre eit anna rasområde, den såkalla Lindfeskreda. Der er det no bygt ein fangvoll og vegen er lagt ut på fylling langs Veitastrondsvatnet på undersida av fangvollen.

Kakefest

GODE KAKER: I dag er bordet dekka med god mat.

Foto: John Molland

Rasfarleg område

John Molland

RASSIKRING: John Molland har kjempa for å gjere vegen til bygda tryggare.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er heilt fantastisk å vite at denne strekka no er sikra. Det har kanskje vore det mest rasfarlege området, seier John Molland, som har vore ein av forkjemparane for rassikring av vegen til Veitastrond.

– Men heilt trygt blir det ikkje?

– Nei, det vil framleis vere rasfarlege område, men vi har heilt klart fått vekk dei verste områda. I tillegg har vi skredvarslaren i Utledøla, seier Moland.

Ny veg ved Lindeskreda

RASVOLL: Masse frå Bjørnabakktunnelen er brukt til å fylle ut trase for ny veg under Lindeskreda og bygging av rasvoll på oppsida av vegen.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen

Luftputebåt

Vegen inn til Veitastrond har vore så ofte stengd om vinteren at bygdefolket i si tid gjekk til innkjøp av ein luftputebåt som dei kunne bruke på Veistrondsvatnet når vegen var stengd.

Snøskred i Veitastrond

LUFTPUTEBÅT: Veitastrondsvatnet har ofte vore einaste vegen til og frå Veitastrond når bilvegen har vore stengd.

Foto: John Molland

Kakefest

Klokka 12 blei det sprengt ei symbolsk salve i sørenden av tunnel, og så blir dette kaffi og kaker i nordenden.

– I dag skal det feirast, flagget er kome til topps, seier ein nøgd Molland.

Men enno går det ei god stund før tunnelen kan takast i bruk.

– Dersom det går som planlagt blir det opning av tunnelen i september neste år, seier Dyngen.

Jublar for tunnel

NØGD GJENG: Denne gjengen feira i dag gjennomslag for tunnelen, frå venstre: anleggsleiar for Metrostav Pavel Bürgel, anleggsleiar for Havnen anlegg Oddgeir Havnen, ordførar Ivar Kvalen Ordførar, fylkesordførar Jenny Følling, fylkessamferdelssjef Velaug Veum og avdelingsleiar ved Statens vegvesen Svenn Finden.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.