Feirar 40 år med 40 kunstnarar

FØRDE (NRK): Sunnfjord kunstlag feirar 40-årsjubileum med å invitere 40 lokale kunstnarar til ei stor utstilling i Førdehuset.

Sunnfjord kunstlag feirar 40-års-jubileum med å invitere 40 lokale kunstnarar til ei stor utstilling i Førdehuset.

SJÅ VIDEO: Anna Skadal Jonstad viser fram jubileumsutstillinga til Sunnfjord Kunstlag.

Utstillinga varer frå 17. til 25. oktober og spenner vidt både med omsyn til uttrykksformer, teknikkar og materialval.

– Vi er skikkeleg glade og stolte over å ha denne utstillinga i jubileumsåret vårt, seier Anna Skadal Jonstad, som er nestleiar og mediekontakt i Sunnfjord Kunstlag.

jubileumsutstilling

PROMINENT OPNING: 21 av kunstnarane møtte opp til opninga av utstillinga.

Foto: Arnstein Mygland / NRK

Dyrebart kunstskap

Utstillinga vart opna med brask og bram førre laurdag og heile 21 av dei 40 kunstnarane var til stades. Sjølvaste Oddvar Torsheim har óg eit bilete på utstillinga, men det er i privat eige og ikkje til sals. Det er derimot mange av dei andre verka og det opptil fleire raude lappar på bileta.

torsheim-bilete

Her er biletet Oddvar Torsheim har på utstillinga

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det dyraste kunstverket kostar 75 000 kroner og er laga av Yngvild Fagerheim. Det er sett saman av hundrevis av små porselenskuler som er trilla ut for hand. Det er laga av treverk og porselen. Kunstverket heiter Ubung og er eit skap som skal vere eit symbol på livet.

Ho har utstilt to slike skap, men det eine er privat. I det skapet er det ulike saker frå hennar barndom.

Stor spennvidd

Kunstnarane har mange ulike uttrykksformer, alt frå akvarell, akryl, tresnitt, fotografi, tekstilcollage, olje, serigrafi, modellert steingods, strameiborderi og mykje anna.

Britt Smelvær har laga to installasjonar av papirblomster montert i plexiglas. Gerd Torunn Osland var på utstillinga og fell for kunstverka til Smelvær.

Gerd Torunn Osland

BLOMSTERKUNST: Her er favoritten til Gerd Torunn Osland.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Med det same eg kom inn så gjekk eg rett bort til dei. Eg tykte dei var lekre, men no er eg veldig glad i blomster då.

Anna Skadal Jonstad er nøgd med oppmøtet. Utstillinga er både Festsalen og i Utstillingssalen i Førdehuset, Utstillinga blir ståande fram til søndag 25. oktober.

Her kan du sjå nokre av dei mange kunstverka som er i Førdehuset:

Gå til forsiden

Jubileumsutstilling

Yngvild Fagerheim

Jubileumsutstilling

21 bilder
    Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
    Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
    Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.