Vegdirektør Terje Gustavsen skar over båndet og markerte at den 223 år gamle Kongevegen over Filefjell er tilbake i gamal prakt.
Sju år, over 20 millionar kroner, 40 sherpaer og 20 000 arbeidstimar er brukt til å ruste opp tre delstrekningar av den historiske vegen, som var den første køyrevegen mellom aust og vest i Norge.
Etterpå vandra alle på strekninga gjennom Vindhella til Borgund Stavkyrkje og vart møtt av spelemenn og to brudefølgje, eitt med brudgom frå Valdres og eitt med brud frå Sogn, som etter å ha møttes, gjekk saman ned til stavkyrkja for å bli «gift».
Mange bunader
Sogn bunadnettverk hadde saman med sine likesinna i Valdres sett saman eit brurefølgje med ei brur frå indre Sogn og ein brudgom frå øvre Valdres slik det kan ha arta seg på fyrste del av 1800-talet. Draktene dei hadde på seg var svært gamle.
– Drakta mi er ei renessanseprega drakt som har halde seg nesten uendra sidan 1600-talet. Eg har hodebunad for dei gifte, som du ser har eg rull og kjerringhette, seier Magny Karlberg frå Valdres.
Ho var ein mange personar som gjekk historisk kledd og laga stemning i det kulturminnerike området rundt Borgund Stavkyrkje under dag to av opningsfesten for Kongevegen.
Vandrarane fulgde brudeparet ned til kyrkja saman med spelemenn og kjøgemeister medan feletonane frå begge fylgja høyrdes gjennom bjørkeskogen.
– Først taler eg til spellemann, så drikk eg, og så tek eg bruden og svinger i kring - til sjenken går, sa kjøgemeister Henning Andersen då han gav alle ei innføring i tradisjonane rundt bygdebryllup frå tida då stavkyrkja sto ferdig og fram til vår tid.
Vigde i kyrkja
I kyrkjeporten stod prosten i Valdres, Carl Philip Weisser, og ynskte velkommen til kyrkje.
I ein seremoni utanfor stavkyrkja gjorde han «brureparet» klar til bryllup før folk vart med inn i kyrkja for å sjå dei bli «vigde». Det var ei spesiell stemning inne i kyrkja då gjestene byrja å synge for «Endre Oleson» frå Valdres og «Solveig Pedersdotter» frå Sogn.
I rollene var Liv Einemo Tønjum frå Lærdal og Ole Aastad Bråten frå Fagernes.
På kyrkjebakken etterpå var det felespel og kvinner i bunad gjekk rundt med mat i sendingskorger. Ølkjenger vart fylde og delt. Nett slik ein kan tenkje seg at ting gjekk føre seg i eit bryllup tidleg på 1800-talet - då Kongevegen over Filefjell var i bruk.
Den store opningsfesten for Kongevegen over Filefjell held fram i Valdres med historisk tablå utetter kvelden.