Hopp til innhold

Feira nye episodar av «Klart eg kan»

Tysdag er NRK Super-serien «Klart eg kan» tilbake på tv-skjermen din. Det vart feira med raud løpar, ny musikkvideo og premierefest måndag.

Klart eg kan premiere sesong 6

SPENTE: Borna var spente då dei stod på den raude løparen og venta på å komme inn til ein fullsatt festsal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Den sjette sesongen av «Klart eg kan» og den splitter nye musikkvideoen hadde premiere i Førde.

Borna sjølv stod for underhaldninga på festen der deltakarane i serien med foreldre, besteforeldre og søsken var med.

– Dei som skal opptre er veldig spente og nervøse, men det går bra, seier prosjektleiar Kjellrun Lavik.

I dokumentarserien får vi møte barn som viser korleis dei meistrar store og små utfordringar i livet.

Serien har vore veldig populær på NRK Super, sine nettsider, og tysdag klokka 18.25 på NRK Super får du møte den første av 12 barn i som skal lære seg noko nytt i den nye sesongen.

Klart eg kan premierefest 2016
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mykje godt i vente

I den nye sesongen får vi vere med på like mange spennande ting, fortel prosjektleiaren.

– Det er tolv heilt forskjellige episodar. Det handlar om alt frå å bygge krokodillebur, skrive sin eigen song, vi får møte Ariell som sit i rullestor og går skirenn med piggkjelke, og på teaterforestiling, fortel Lavik.

Serien viser både draumar som går i oppfylling og meistringsglede. Den har vore svært populær på NRK Super.

Kjellrun Lavik meiner det at mange kan kjenne seg igjen i det borna held på med, er viktig for at den har blitt så populær.

– I ein episode møter vi Simon som skal lære å sykle. Han dett og dett, men til slutt finn han balansen. Alle har vore igjennom det, og kjenner seg igjne. I serien er det motgang for dei fleste, men også medgang for alle, fortel Lavik.

Imponerande og rørande

Serien kan røre mange gjennom skjermen, men også dei som jobbar bak kamera blir inspirerte av dei tøffe borna.

– Borna jobbar så hardt for å klare det dei vil, dei bryt barrierar. Og så blir dei så ekte glade til slutt, det er rørande. Vi blir veldig involverte. Vi håpar dei klarer det dei jobbar med, og blir veldig glade når dei kjem i mål, fortel Lavik.

Tysdag kveld blir første episode sendt på NRK super klokka 18.25, og då blir den også sloppe på nett.

Der får vi møte Even som skal hoppe frå femmeteren.

– Det er ein klassikar av årets episodar. Den trur eg mange vil kjenne seg igjen i, avsluttar Kjellrun Lavik i NRK Sogn og Fjordane.

Norsk dokumentarserie. Musikkvideo for Klart eg kan.

MUSIKKVIDEO: I videoen møter du Anna Naustdal, Alfred Korsøen, Erian Vilnes, Aleksandra Sandvik, Felix Solheim og Johanna Dalsbø Tøsse.