Hopp til innhold

Sjå korleis elevane feira grunnlova på sin heilt eigne måte

Elevane ved Flatene skule markerte grunnlovsjubileet på sin heilt eigne måte. Og elevane storkoste seg.

Lærarar og elevar ved Flatene skule i Førde stillte opp som eit flagg på skuleplassen for å markere grunnlovsjubileumet.

Sjå korleis flagget tok form, og høyr elevane syngje og gi den same eiden eidsvollsmennene gjorde for 200 år sidan. Foto og redigering: Arne Stubhaug.

Forma som eit gigantisk flagg og hand-i-hand gav dei den same eiden som eidsvollsmennene gav for to hundre år sidan: «Enig og tro til Dovre faller».

Denne broderkjeda var ein del ei nasjonal markering som samla over 46.000 menneske tidlegare i dag.

Sjå elevane fortelje om dagen i videoen litt lenger nede.

– Det har vore veldig gøy, seier elev Astrid Solheim Kiil.

Elevane fortel at dei har øvd litt, men at det har vore veldig kjekt. Dei tykkjer ikkje songen har vore vanskeleg å lære seg.

– Det gjekk bra, og alle stod der dei skulle, seier Kiil.

Museet Eidsvoll 1814 har oppfordra til ei markering med broderlenke og eiden. Flagget var unikt for denne skulen.

– Vi måtte gjere litt utav denne dagen her, og vi fekk det til. Dette har vore strålande, seier assisterande rektor ved skulen, Merete Gåsvær

Rektoren har ikkje høyrt om andre skular som har gjennomført ei slik markering.

– Elevane hadde det kjekt, og dei var veldig flinke. Eg kjenner eg er stolt.

Lærarar og elevar ved Flatene skule i Førde stillte opp som eit flagg på skuleplassen for å markere grunnlovsjubileumet. Her forklarar dei kvifor.

Høyr elevane fortelje om kvifor dei ville markere dagen. Foto og redigering: Arne Stubhaug.