Hopp til innhold

Her får Jostein 250 tonn sild på bursdagen sin

Fiskarane melder om eit eventyrleg fiske på tampen av sildesesongen.

Jostein Hillersøy på sildefiske

SILDEFISKE: Her står Jostein Hillersøy ved ripa i det dei halar opp ei not full av sild.

Foto: Tore Hillersøy

Fiskar Jostein Hillersøy feira nyleg bursdagen sin med kake og 250.000 kilo sild.

– Det var litt spesielt ja. Vi åt kake om ettermiddag før vi gjekk ut med båten. Ein time frå land så fekk vi 250 tonn sild i eitt kast, ler Hillersøy.

Sjølv om sildeprisane har falle med ei krone sidan byrjinga av januar og no er nede i 3, 75 kroner kiloen er det framleis god butikk for fiskarane.

Mannskapet om bord på «Hillersøy» byrja sildefisket i nord ved Træna og har følgt silda sørover. Men på grunn av dårleg vêr var starten av fisket heller magert, og totalt har dei fått 1100 tonn sild dei siste fem vekene.

– I starten var det mykje dårleg vêr så vi kom oss ikkje ut, men når vi kom oss ut har fiskeriet vore bra, seier Hillersøy.

Tok seg opp på tampen

Men no på tampen har sildefisket no tatt seg opp slik at fiskarane må vere forsiktige så dei ikkje får for mykje sild i kasta.

– Vi prøver å sette nota heilt forsiktig bort i eit flak slik at vi får ein 100 – 200 tonn i eit kast. Det er greitt å arbeide med, seier Hillersøy.

Om bord på «Hillersøy» har dei plass til 300 tonn. Og sjølv om dei er forsiktige når dei kastar nota, hender det likevel inn i mellom at nota rett og slett blir for full.

– Er det meir igjen i nota når båten er full pleier vi å gi det til nabobåten. Då kan dei gjerne få seg 100 til 200 tonn utan å gjere noko, seier Hillersøy.

Sildefiske 2018

FULL NOT: Det kan blir for mykje, men då deler fiskarane fangsten med andre båtar

Foto: Tore Hillersøy

Over for denne gong

Men no er fisket etter Norsk vårgytande sild over for denne gong.

– Ein kan vel sporadisk finne sild som framleis er av god kvalitet, men i det store og heile er nok silda utgytt og mager. Silda forlèt også området når ho er ferdig å gyte, seier Odd Fredrik Andersen, som er salsleiar i Sildesalslaget.

Totalt har kystflåten tatt om lag halvparten av totalkvoten på 140 000 tonn.

– Med tanke på det dårlege sildefiske for kystflåten i fjor haust, så skulle vi gjerne sett at dei hadde klart å tatt litt meir av kvoten no i vinter, seier Andersen.

Gjere seg klar for lodda

Mannskapet på Hillersøy er no på veg heim for litt fri etter fem veker sildefiske. Dei har akkurat vore i Ålesund og levert det som etter alt å døme er siste sildefangsten for båten i vinter.

– No blir det ein tur heim for å skifte not og rigge oss for loddefiske i nord, seier skipper Tore Hillersøy.