NRK Meny

Feira 20 år med fokus på borna

Bygdenæringsdagane i Stardalen fylte 20 år i helga, og gjennomføringa av arrangementet vart atter ein gong ein suksess. Dei kreative sjelene frå Stardalen hadde mellom anna laga ein fantasifull eventyrskog, der over 150 born frå heile fylket fekk oppleva å møta teikneserieheltane sine. Elsa frå Frost, Pippi, Ole Brumm, Minni Mus, Karius og Baktus, rev, ulv, sjørøvar, harepus var døme på kven ein kunne møta på når ein tok turen til eventyrskogen.

Bygdedagar i Stardalen
Foto: arrangøren