Hopp til innhold

Feira 17. mai på Jostedalsbreen

I dress og kjole og med norske flagg song dei «Ja, vi elsker» på Jostedalsbreen.

Feira nasjonaldagen på Jostedalsbreen

I FINSTASEN PÅ JOSTEDALSBREEN: Frå venstre: Gaute Bøyum Dvergsdal, Hans Jørgen Øygard, Sindre Dvergsdal og Kjersti Ullebust. Innfelt til høgre er Håvard Larsen.

Foto: privat

«Er det nasjonaldag, so er det nasjonaldag», seier Håvard Larsen.

Han, Gaute Bøyum Dvergsdal, Hans Jørgen Øygard, Sindre Dvergsdal og Kjersti Ullebust pakka finstasen ned i sekkene sine og la ut på tur mot Jostedalsbreen om morgonen 17. mai.

– Me hadde med oss dress heile gjengen, og Kjersti hadde kjole. Det var full fyr og me song nasjonalsongen der oppe, seier Larsen.

Bomma «litt» på planlegginga

Håvard Larsen på Jostedalsbreen

SLIPS, SKJORTE OG JAKKE: Håvard Larsen pynta seg til nasjonaldagsfeiring på Jostedalsbreen.

Foto: privat

Larsen seier at han vart spurt torsdag kveld om han ville vera med. Kameraten sa det kom til å ta om lag fire timar.

– Då kunne eg jo gå i 17. mai-tog etterpå, so då vart eg med, seier Larsen.

Målet med turen var Supphellenipa på Jostedalsbreen, men so langt kom dei aldri.

– Me måtte snu siste biten, det var so mykje vind. Me brukte vel totalt 10 timar, og me hadde motvind heile vegen opp. Dessutan var det so lite snø at me måtte bera skia nesten heile vegen, so det var surt.

Difor vart det nasjonalsong, bamsemums, flagg og finstas på Flatbreen, ein brearm like sør for Supphellenipa i staden for.

– Me hadde ikkje med oss sjampanje, men bamsemumsen var ein fullgod erstatning, flirer han.

Gaute Bøyum Dvergsdal

BAMSEMUMS OG FLAGG: Gaute Bøyum Dvergsdal med ein liten bamsemumspause på veg opp.

Foto: Håvard Larsen