Hopp til innhold

Feira 17. mai med å kaste seg i sjøen

GROTLESANDEN (NRK): Ikkje alle har asfalt under beina i dag. I Bremanger går glade damer i tog på sanden.

BADA PÅ DIREKTEN: Desse badenymfene kastar seg ut i det kalde vatnet i Bremanger. Her kan du sjå korleis det gjekk.

Dei har eit mål for turen; å kaste seg ut i den kalde sjøen. Janicke Førde seier det har blitt ein tradisjon, sjølv om nokre tykkjer dei er litt galne.

– Dei to siste åra har vi bada 17. mai, seier ho.

I dag er det 11 grader, faktisk det varmaste så langt i år. For damene badar heile året, stort sett ein gong i veka.

– Vi lurer litt på kvifor vi gjer det, for det er dritkaldt, rett og slett, ler ho.

Men så flott ver som dei har i dag, er dei ikkje bortskjemde med.

– Ofte er det vind, kaldt, regn og hagl. Men når det er slikt ver, verkar det varmare i vatnet for då er vi nedkjølte før vi spring uti.

Trua på at bading heile året er bra for immunforsvaret, får dei til nok ein gong å kaste seg ut i sjøen. Du kan sjå korleis det gjekk i videoen øvst på sida.

Reporter Solveig Svarstad og fotograf Stine Kyrkjebø Johansen var direkte i 17. mai-sendinga på NRK1 fleire gonger i dag, her kan du sjå dei andre innslaga.

Bading på Grotlesanden
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Del dine bilete

Vi vil gjerne sjå korleis du feirar dagen der du er. Slik kan du dele dine bilete med oss:

  • Merk gjerne bileta dine med #nrksf og #nrk17mai på Instagram
  • Send bilete på e-post til sf@nrk.no
  • Eller send det til NRK Sogn og Fjordane i ei melding på Facebook.
Hipp hurra for 17. mai
Foto: Britt Jorun Svanes / NRK
Gratulerer med dagen! Korleis er din dag? Send gjerne bilete til sf@nrk.no eller merk dei med #nrksf og #NRK17mai på Instagram.