Hopp til innhold

Lars (9) og Sissel (7): – Aud Marit fortener prisen

FEIOS (NRK): Feios skule vekkjer nasjonal oppsikt for å bruka teknologi i undervisninga. Det tykkjer elevane Lars Brekke og Sissel Ulvestad er fint.

Aud Marit Berge Feidje, Lars Brekke og Sissel Ulvestad

HEIDER: Lærar Aud Marit Berge Feidje og Feios skule fekk i førre veke Gullepleprisen i Trondheim for mellom anna å bruka teknologi i lese- og skriveopplæringa. Fullt fortent, meiner elevane Lars Brekke og Sissel Ulvestad.

Foto: Jarle Christensen og Noralv Pedersen

– Aud Marit fortente prisen «kaldigt».

– Eg tykkjer det er flott, for ho er ein veldig bra lærar.

Attesten frå fjerdeklassingen Lars Brekke og fyrsteklassingen Sissel Ulvestad skulle vera nok til å gleda ein kvar lærar. Men for Aud Marit Berge Feidje og resten av staben ved Feios skule har det vore endå meir heider å få:

  • I førre veke fekk skulen «Gullepleprisen» av Norsk pedagogisk dataforening for å bruka informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i læringa på ein god måte.

– Det er kjekt at arbeidet ein gjer i klasserommet for elevane blir sett pris på, for IKT har vore eit godt hjelpemiddel for dei, seier prisvinnaren.

Skriva seg til lesing

Berge Feidje har lært mange ungar i Feios å lesa og skriva. Tidleg såg den røynde læraren at IKT kan vera ein nyttig reiskap:

Aud Marit Berge Feidje

GOD LÆRINGSEFFEKT: Aud Marit Berge Feidje og kollegaene ved Feios skule held føredrag om IKT-bruken ved skulen: – Eg håpar mange lærarar ser nytten av å arbeida på denne måten. Me ser kor motiverte elevane blir, og kor god framgang dei har.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg såg at ein del elevar hadde vanskar med å knyta i hop lyd og bilete på ein bokstav – dei kjende att bokstavbiletet, men hugsa ikkje lyden. Eg prøvde lenge å finna hjelpemiddel som kunne gjera det lettare for dei.

I 2010 kom Tone Finne ved Bredtvet kompetansesenter til Vik og introduserte STL+-metoden – å skriva seg til lesing med lydstøtte frå ei datamaskin.

– Det var akkurat det mange av elevane trengde, seier Berge Feidje.

«Skikkelege historier»

Lars Brekke og Sissel Ulvestad er to av ein bråte med elevar ved skulane i Vik som har lært å lesa og skriva med hjelpa av STL+-metoden:

Lars sit føre datamaskina og skal skriva ein tekst. Han tykkjer F-O-T-B-A-L-L på tastaturet. I det fingeren pressar ned tasten, kjem kvar bokstavlyd ut av maskina. Når Lars trykkjer på mellomromtasten, får han høyra heile ordet opplese.

Tekst Feios skule

EIN TEKST OM 150-ÅRSJUBILANTEN: Når elevane har skrive ein tekst – om denne om Feios kyrkje, skriv dei han ut, set han i lesepermen og for å ha han med heim til lekse.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Dette tykkjer Sissel er ein fin måte å læra på:

– Det er gøy, for då kan me lesa skikkelege historier, som om Raudhette og piggsvin og dyr.

Gode røynsler

Skulane i Vik har gode røynsler med STL+-metoden.

– Elevar som slit, lærer seg lydane raskare. Og dei som knekker koden raskt, får tidleg høve til å skriva langt.

– Kva med handskrifta?

– Me byrjar å arbeida med handskrifta i andreklasse, som før. Sjølv om me i fyrsteklasse har lagt ned blyanten i skriveopplæringa, brukar me han til å teikna og rekna med. Så me ser ingen skilnad.

Aud Marit Berge Feidje, Lars Brekke og Sissel Ulvestad

GOD DATAHJELP: - Datamaskinene kan bli litt øydelagde, men då fiksar nokon dei, fortel Sissel Ulvestad (t.h.). «Nokon» er IKT-avdelinga i kommunen som syter for at utstyret fungerer, noko Aud Marit Berge Feidje (t.v.) meiner er avgjerande. Lars Brekke i midten.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I prisgrunngjevinga blir Feios trekt fram som ein fådelt skule «som har lykkes med å integrere IKT i alle fag, godt støttet av en engasjert rektor (Jarle Christensen, journ.merk.)».

– Me lærer elevane ulike læringsstrategiar, som bruk av appar, tankekart og tidslinjer.

– Er IKT – i seg sjølv – saliggjerande?

– Nei, ikkje i seg sjølv. Læringsmetodane og oppgåvene til elevane må vera gjennomtenkte, og så kan IKT vera eit godt hjelpemiddel.