Hopp til innhold

Feiloperert av oppsagd kirurg

Kirurgen vart overfor Else Tystad frå Gloppen seld inn som verdas beste handkirurg. Eigentleg var han oppsagd og stempla som "inkompetent", påstår Tystad.

Else Tystad

Kirurgen som opererte Else Tystad viste seg å vere alt anna enn verdas beste handkirurg.

Foto: Aadne Gloppestad/Firda Tidend

Else Tystad seier til Firda Tidend at ho kjenner seg ført bak lyset av helseføretaket. For kirurgen fekk utføre operasjonen på tommelen hennar. Ein operasjon ho seinare måtte ta opp att.

- Det går berre ikkje an å halde ein udyktig og oppsagd lege i arbeid, berre fordi dei skal vere i arbeid i oppseiingstida, seier ho til NRK.

- Det går ikkje an

- Den aktuelle kirurgen var oppsagd fordi Helse Førde meinte han var inkompetent i jobben. Likevel fekk han halde fram med å utføre operasjonar, hevdar Tystad.

At kirurgen var oppsagd, visste ikkje Tystad då ho la seg på operasjonsbordet på Førde sentralsjukehus.

- Det går ikkje an å føre folk slik bak lyset, seier ho til NRK.

Tystad slit med sjukdomen slitasjeleddgikt. Med ein tommel som ikkje ville samarbeide var gleda difor stor då ho fekk beskjed om at ein operasjon ville gjere tommelen fin igjen.

- Verdas beste

Det var under eit treningsopphald i februar at ho fekk gladmeldinga, og ho kjende seg trygg på å vere i dei beste hender. Men kirurgen som skulle gjennomføre inngrepet skulle slutte, og operasjonen måtte gjerast så fort som råd.

- Eg fekk høyre at dei hadde verdas beste handkirurg så han måtte få sjå på handa og vurdert om eg skulle operere den, seier ho til NRK.

Ny operasjon

Men operasjonen var ikkje vellukka og tommelen måtte i haust opererast på nytt. Seinare fekk ho vite at kirurgen som overtalte henne var sagt opp allereie då ho møtte til den første konsultasjonen.

- Om ein kirurg ikkje er kompetent til å operere, og blir oppsagd, så må han ikkje få halde fram med å operere. Det er ikkje berre eg som har måtte lide for dette. Det er fleire som har måtte ta opp att operasjonane han har gjort, seier ho til NRK.

Det har vore uråd for NRK å få kommentar frå Helse Førde i saka.