28. november i fjor tok Widerøe sitt ettermiddagsfly av frå Haukåsen i Sogndal. Ti over halv fire var dei i lufta, og mindre enn ein time seinare var flypassasjerane blitt ein del av det som må kunne kallast ei nesten-ulukke i lufta.
For nær
For medan det skal vere minimum fem nautiske mil mellom to fly i same høgde, så var flyet frå Sogn berre 2,1 mil frå eit fly frå Brussels Airlines medan begge flya var på veg til å lande på Gardermoen.
Den 58 år gamle flygeleiaren som hadde ansvaret, slutta i jobben som følgje av hendinga.
Feilvurderte tida
No har Havarikommisjonen granska saka og konkludert i ein ny rapport. Det var mange fly som kom inn mot flyplassen i løpet av kort tid denne ettermiddagen, og flygeleiaren jobba på overtid. Feilen han gjorde var å feilvurdere tida Brussels Airlines-flyet ville ta på ein sving i lufta.
Hadde arbeidd for mykje
Flygeleiaren vedgjekk sjølv at han hadde arbeidd altfor mykje over ein lengre periode, samt at private problem førte til dårlegare konsentrasjon. Havarikommisjonen tilrår i rapporten mellom anna at Avinor bør vurdere om flygeleiarar på overtid bør få arbeide i så pressa situasjonar som denne.